Karstein Mauset

Hør Karstein Mauset om "Fredlaus" og Trollheimspodden på NRK Møre og Romsdal

Torsdag ettermiddag var artisten Karstein Mauset gjest i "God ettermiddag, Møre og Romsdal" på NRK Møre og Romsdal (i radio).

Etter 1.09.38 i sendinga startar innslaget med Mauset. Først ut er songen "Med di hand i mi", som han syng saman med Lisa Botterli Flostrand.

Låta er frå den nyaste plata hans, "Fredlaus", og er no belønna med såkalla "listing" både hos NRK Møre og Romsdal og NRK Trøndelag. Dermed kan lyttarane sjå fram til meir Karstein Mauset i monitoren den komande tida!

I innslaget snakkar Mauset med programleiar Pål Kristian Lindseth om mellom anna kva tekstane til Astrid Krogh Halse, Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold betyr for han.

Dei to snakkar og om Trollheimspodden, den nye podkasten til Trollheimsporten. Så her er det mange gode grunnar til å få med seg det om lag ti minutt lange radioinnslaget med Mauset.

Trykk her for å komme til torsdagens utgåve av "God ettermiddag, Møre og Romsdal".

Powered by Labrador CMS