Julebyen Rindal

Julegrantenning vart krona på verket

Etter fleire timar med julemarked rundt om i Rindal sentrum, vart ein vellukka, vinterleg markedsdag avslutta med tenning av lys på julegrana.

Publisert Sist oppdatert
Musikkorpset Blæst'n, dirigent Olav Morten Tørset

Blæst'n stilte, tro mot tradisjonen, og juletonane strøymde ut over torgplassen. Mange sakna nok å ta kvarandre i hendene og gå rundt juletreet og synge dei kjente og kjære julesongane. No stod unge og eldre i lågmælt prat og kjente likevel julestemninga sive inn under vinterkleda.

Du grønne, glitrende tre, goddag - og velkommen!

Jula kom nærare, første adventslyset blir tent i morgon, og mange har alt tent lysa på eit juletre ute i hagen.

Mange ville høre Blæst'n og sjå det lysande treet.
Kveldsstemning på marknadsplassen.
Powered by Labrador CMS