Todalen og Stangvik Oppvekstsenter

Mange barn på en scene
Heile skulen framførte Her kommer dine arme små

Adventskveld skapte julestemning i gymsalen

Alle elevane på Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har den siste tida øvd til adventskveld og forestilling med både dans, song og skodespel. Torsdag kveld vart gymsalen fylt opp med foreldre og søsken.

Publisert Sist oppdatert

Det var mange spente elevar og familiar før kvelden starta. Konferansierane Endre og Lars Ailo leia oss gjennom kvelden. 1. og 2. klasse var først ut med sin dans til songen Engler i Sne. 3. og 4. klasse framførte songane I Morgen, frå filmen Annie, og Vi tenner våre lykter. 

Til slutt var det mellomtrinnet sin tur. 5. klasse framførte skodespel frå det ukrainske eventyret "Skinnvotten". 6. og 7. klasse fortalte heile verdshistoria på 5 minutt på ein humoristisk måte. Dei song også Heim te Jul av Skei og PT, før dei avslutta med ei julelåt nokre elevar i 7. klasse har laga sjølv på låtskrivarverkstad. Namnet på låta var Slitsomt med jul.

Til slutt kom heile skulen på scena og framførte salma Her kommer dine arme små. Etterpå blei det i regi av FAU  kaffe- og kakesalg i kantina, etterfulgt av loddtrekning. Dermed var julestemninga kome til Todalen og Stangvik Oppvekstsenter.

Barn danser på en scene
1. og 2. klasse dansar til Engler i sne
skodespel av elevar
5. klasse framførte skodespel av eventyret Skinnvotten
elever synger på scene
3. og 4. klasse song I Morgen og Vi tenner våre lykter
Konferansierer elevkveld
Kveldens konferansierar
elever synger på scene
7. klasse med eigenprodusert julelåt!
elever synger på scene
6. og 7. klasse song Heim te Jul
Barn på en scene
Verdshistoria på 5 minutt
Full kantine på skole med foreldre og søsken
Folksomt i kantina
Powered by Labrador CMS