Julekonsert i Stangvik Kyrkje

TriOpera med O helga natt i Stangvik Kyrkje

Julekonsert med triOpera

Dei kallar seg «triOpera» og både arrangerer og utøver tonekunst.
Fredag saman med supre medaktørar i Stangvik kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Trioen (pianisten Hedda Hansen Berg og songarane Maria Moen Nohr og Sigrid Vetleseter Bøe) hadde med seg det ungdommelege Dansekompaniet frå Surnadal og Rindal kulturskole, sopranen Irene Snurruås, trubaduren og låtskrivaren Jo Sverre Sande, perkusjonisten Jo Inge Nes og (til allsongen) kyrkja sin eigen organist.

Tradisjon og nytt

Det etter kvart årvisse konseptet «Tonar i julenatt» bevarer sitt særpreg samtidig som det kvart år byr på forfriskande nytt. Opninga med det fantasiske «Julverset» frå nettopp Stangvik set ein ideell dagsorden for ein lokal julekonsert. Framføringa (av Bræins sats) ved songtrioen og pianisten utløyste applaus med tendens til trampeklapp.

Perler

Juleperlene formelt trilla fram. I «Josefs julevise» har Halvdan Sivertsen gjort den klassiske middeladervisa «Joseph, lieber Joseph mein» heil-nordnorsk, og ingen framfører den meir ekte enn triOperas eigen nordnorske Maria!

«Stille Nacht» (arrangør ikkje nemnt) vart ei oppvisning i musikalsk triosong. Ein tysk tilhørar i forsamlinga rosa Irene, Sigrid og Maria også for den eksemplariske språkføinga!

I perlekjedet glitra så i tur og orden «Sne» av Sigurd Lie og Helge Rode (solo Sigrid), «How beautiful are the feet» frå Handels Messias (solo Irene), «Joy to the World» også av Handel (dametrio a cappella), «Mot lys» og «Desemberbarn» (begge med Irene og Hedda).

Jo Sverre Sande har nettopp lansert sin nye «Desemberlys», som han framførte vakkert med eigen gitar attåt. Både her og under konserten elles la Jo Inge Nes lekre rytmer og klangnyansar til songane. 

Adams og Britten

Gamle ønskekonsertminne dukkar fram når Sigrid og Hedda så å seie gjer Stangvika til «Den hellige stad» (Stephen Adams´ The Holy City). Denne drømmen om Jerusalem sit kanskje langt inne i desse dagar. Dess sterkare virka framføringa.

Sigrid Vetleseter Bøe

Eg er svak for Benjamin Brittens unike melodiar, tekstrytmer og (dels overraskande, men samtidig sublime) harmoniar. Frå hans julesongsuite «A Ceremony of Carols» fekk vi ei brilliant, dansande framføring av songen for Jesusbarnet «Balubalow - This little Babe».

Askepott – klaverperle og ballett

Det mest dansande på konserten stod likevel jentene i Dansekompaniet for. Koreografert av Stine Valde vart her «Tre nøtter til Askepott» til ein nydeleg ballett - med Svobodas musikk lekkert spela av kveldens mest aktive, Hedda Hansen Berg ved flygelet. Som eg ofte har sagt: Gløm ikkje hennar rolle i å skape både pulsen og klangatmosfæren som dei andre får forme sine uttrykk i.

Ballett - Tre nøtter til Askepott

Publikum var medaktørar i julesalmane «Å kom nå med lovsang» og «Deilig er jorden» - begge med sluttsatsar der songsolistane la glitrande overstemmer attåt.

«O helga natt» - song og dans

Sluttapplausen utløyste litt av eit ekstranummer: Ikkje berre fekk vi «O helga natt» med klaver og kveldens lysande dametrio. Jamen kom ikkje Dansekompaniet svevande fram midtgangen og tolka teksten om julenatta så elegant og levande som nettopp denne bodskapen fortener det!

Dette var jamen litt av ein tonekveld! 

Takk til Hedda, Sigrid, Maria, Irene, Jo Inge, Jo Sverre og ikkje minst jentene i Dansekompaniet!

Powered by Labrador CMS