Kor Gøttj

Siste runde rundt juletreet

Mange avslutta julefeiringa med å møte opp på juletrefest i Lomundsjø Bedehus lørdag ettermiddag. Denne juletrefesten har røter tilbake til førre årtusen, og no er den tilbake etter ein koronapause.

Publisert

Kveldens musikalske hovudgjestar var Kor Gøttj, og i tillegg deltok Karen Oddny og Sigfred Gravvold frå Surnadal. Elles var aktørane ultralokale, i følge festleiar Jon Gåsvatn. Jan Sturla Jensvold, frå andre sida av vegen akkompagnerte til songane på trekkspelet sitt, og Lene prest frå andre sida av bakken heldt andakt.

Jon Gåsvatn leda festen
Sokneprest Lene Gåsvatn hadde andakten.

Jon antyda alt i opninga si at det kunne bli ein lang fest, for det skulle vere matpause også. Han bad dei som kanskje måtte heim for å ta fjøsstellet om å komme att etterpå. Vi fekk også fleire andre humoristiske glimt frå den kanten.

Kor Gøttj hadde to veltonande songavdelingar. Bettina Røen og Bjørn Børset hadde kvar sitt solonummer med koret.

Radiokjendisen (og høttrindalingen) Helge Gudmundsen var fast talar på denne festen i 20 år. Lene prest innleidde andakten med at å tale etter Gudmundsen var som å hoppe etter Wirkola, men ho verka ikkje skræmd.

Jan Sturla Jensvold spela til songen rundt juletreet.

- Nyttårsforsett, sa ho, forutsett at du har forbetringspotensial. Du er ikkje bra nok. Ho snudde den tanken med å referere til Nåden. - I Jesu namn er du god nok.

Det var også hovudbudskapet til Gudmundsen. Han hylla ungdommane i Flatåsen Lions som var gode nok, sjølv om dei hadde sine utfordringar.

Alle kan ikkje gjere alt like bra som alle. Slutt å samanlikne! Gjer det du kan, gjer godt!

Sigfred og Karen Oddny Gravvold vart akkompagnert av Jan Sturla Jensvold.

Matbordet var som vanleg fylt med mykje god mat, og utlodninga hadde mange gevinstar! Lars Haakon vann absolutt mest. Han er både norsk og kenyansk statsborgar, som i lag med far Hallvard Gåsvatn, ventar på at mora skal få visum for å kunne flytte etter mannen sin til Norge.

Lars Haakon vann klart mest under utlodninga!
Powered by Labrador CMS