Festtalar var prostiprest Lars Sperre.

Endeleg juletrefest!

Etter to år med pandemi kan vi endeleg samlast til festlege samankomstar! Det sette rindalingane som samla seg til juletrefest i Rinal menighetshus første dagen i det nye året pris på.

Publisert

Prostiprest Lars Sperre var talar på festen, og han fortalte at han kom direkte frå gudsteneste i Nidarosdomen der han hadde vore deltakar. Der hadde det vore barnedåp, og dåpsbarnet hadde Imanuel som mellomnamn. Det namnet betyr "Gud med oss" og passa godt akkurat denne dagen, som er Jesu namnedag.

Sperre fekk god kontakt med barna som var på festen da han refererte til juleevangeliet, der det vesle Jesusbarnet fekk gull, røkelse og myrra i gave. Ingen i salen hadde fått det i julegave, men det var ei jente som hadde ønska seg gull til jul. Røkelse var heller ikkje ukjent for alle. Det lukta jul, var det ei som sa.

Alle hadde jo fått gaver til jul. Ei hadde fått 1000 gaver! Sperre kunne kvittere med berre fem.

Når vi framleis kvart år feirer Jesu fødselsdag, så er det fordi han sigra over døden, stod opp igjen og lever i dag, fortalte Lars Berre i talen sin.

Barnekoret leda av Elsa Jensvold og Ronny Kjøsen gledde forsamlinga med livleg song!

Song og gang rundt juletreet er for mange viktigaste delen av programmet på ein juletrefest. Slik stemning som det var rundt juletreet på Rindal Menighetshus denne dagen, skal ein leite langt og lenge etter!

Musikarar!

Musikarane Bjørn Vevang og Ronny Kjøsen leika seg gjennom dei kjente songane og klangla dei så lystig og leikande at songarane vart inspirerte til å synge av full hals! Vi kunne høre både harpa og bjøllene frå pianoet og trekkspelet til Bjørn og Ronny! Med teksta mesta perfekt vist på storskjerm tona songen ut over Rindalsgarden!

Bjarne Nordlund er ledar i styret for menighetshuset. Han leda festen, og han organiserte også bordkonkurranse som engasjerte alle etter ein smakfull kaffepause.

Det var sterkt engasjement under bordkonkurransen.

Bordkurransen engasjerte alle, og på bordet til skribenten hadde sekretæren meir enn nok med å skrive svara som Kine Leona dikterte på Ark 7! Kine Leona tok over sekretærrolla!

Kine Leona deltok ivrig i bordkonkurransen.
På desse spørsmåla måtte seniorane melde pass, dei fleste laga hadde medlemmar med god nok kompetanse!
Stolte vinnarar!
Denne grisen mangla hale. Den skulle barna plassere med bind for augene.
Grisen får hale.
Her ser dei resultatet!
Saga var ein av dei lykkelege vinnarane i gratislotteriet. Nå blir det maling!

Arrangør var styret for menighetshuset på vegne av Rindal sokn.

Powered by Labrador CMS