Humor og alvor frå Jenny Klinge:

– Boka handlar om å rote det veldig til i enkelte situasjonar

I den nye boka "Dønn distré - Eller berre litt surrete?" byr stortingsrepresentant Jenny Klinge på mange artige historier frå verkelegheita, både eigne opplevingar og andres.

Publisert Sist oppdatert

- Boka er meint å vere underholdande, sjølvsagt. Det er mange historier i boka om allslags folk, alt fra Henning Sommerro og Elisabet Halgunset til Heidi Weng og Torbjørn Røe Isaksen. Men eg håper også at boka bidreg til større forståing for fenomenet å vere distré, seier Jenny Klinge.

Mange artige historier

Kjernen i dette er at ho vil vise at det er mange som er distré – folk av alle slag, og at det er mogleg å le av det i staden for å bli irritert.

– Sjølv om ein somtid blir veldig irritert på seg sjølv òg, det må eg innrømme. Men så går det ei tid, og då kan eg le av det heldigvis, smiler ho.

Boka handlar om å rote det veldig til i enkelte situasjonar. Men Jenny understrekar at det absolutt ikkje betyr at ein ikkje er i stand til å huske viktige historiske hendingar, eller at man ikke klarer å utføre viktig arbeid. Tvert imot. Det finst dyktige kirurgar, politifolk og lærarar som er veldig flinke i jobben sin, men som kan finne på det helt utruligste når de er i det distré hjørnet.

- Eg synes det er befriande når forskarane i boka fortel at dette er eit høgst menneskelig trekk. Robotar og robothjernar kan jo ikkje vere distré, men det kan menneske. Men nokre av oss er jo distré i en meir ekstrem grad enn andre, som meg sjølv, humrar ho.

Andre er svært systematiske og klarar å unngå å surre det til for seg sjølv.

– Det er godt vi er forskjellige, og det er det eg slår et slag for med denne boka - det er lov å vere som ein er. Det er jo klart det kan være litt slitsamt av og til. Men tenk på kor mange artige historier vi hadde gått glipp av dersom ingen var distré!

Det handlar ikkje om intelligensnivå

Jenny er opptatt av at ingen skal nedvurdere dei som er distré. Det er lett for at nokon sier "jaja, det er ikkje rart du ikkje klarer å forstå dette, du er jo distré". Da er det verdt å understreke at dette ikkje handlar om intelligensnivået vårt. Det kan variere like mykje blant distré folk som blant andre. Men menneske med høg intelligens har ein tendens til å ha fleire ballar i lufta enn andre, og det gir økt risiko for distré episodar. Mykje meir om fenomenet kan ein lese i boka, og Jenny håpar lesarane sit att med inntrykket av at det finst mange artige menneske blant oss.

Boka har akkurat kome i handelen. Jenny fortel at ARK Surnadal har bestilt inn ein haug med bøker, og at alle nettbokhandlarar også har boka.

– Men eg har jo eit hjarte for lokale butikkar, så det er flott om folk kjøper lokalt, smiler ho.

Powered by Labrador CMS