
Utmerket kvalitet på badevatnet i Rindal
Miljøretta helsevern i Surnadal kommune har sidan 28.mai i år jevnlig testa kvaliteten på badevatnet på Igltjønna og Grønlivatnet i Rindal.
Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovedsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar (termotolerante koliforme bakterier – (TKB) og intestinale enterokokker – (IE)).
Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra mennesker eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006) blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert og delt i tre tilstandsklasser:


Prøveresultat frå Igltjønna og Grønlivatnet

Prøveresultatene viser at det er utmerket kvalitet på badevatnet både på Igltjønna og Grønlivatnet.
Rørvatnet er ikke testa i perioden, sidan vegen har vore stengt. Miljøretta helsevern går god for vannkvaliteten på Rørvatnet også , da det alltid er stabilt og fint badevatn der.

Prøvane er teke ut av Miljøretta helsevern og analysert av NemkoNorlab i Surnadal.