Sigurd i sentrum på Skimuseet

Sigurd Røen mottar Hitlers Ærespris i Garmish-Partenkirchen 1937.

- Dæm trødd på ski'n min

I 1937 mottok rindalingen Sigurd Røen Hitlers Ærespris på sletta under hoppbakken i Garmish-Partenkirchen. Sidan det var inne på sletta at han skulle få prisen, så tok han på seg skia og rente fram til utdelinga. Etterpå vart det så mykje folk rundt han at han hadde vanskeleg for å komme seg derifrå.
-Dæm trødd på ski'n min, fortalte han til Bernt G. Bøe.

Publisert
Bert G. Bøe tok utgangspunkt i lydopptak han hadde med Sigurd Røen

Bernt G. Bøe tilsto at han hadde litt prestasjonsangst da han stilte opp på Rindal Skimuseum som bøfjording i skibygda. Han kunne nok heller tenkt seg kapproing på fjorden. Han hadde ingen grunn til å vere beskjeden, og han uttala "ski" heilt rett på rindaling!

I 1981 møtte Bernt Bøe Sigurd Røen og gjorde opptak av eit langt intervju med han. Under temakvelden på skimuseet delte han noko av lydopptaket med oss og batt det heile saman med utfyllande kommentarar.

Rindal har gjort stor stas på Sigurd Røen ved at han som einaste rindaling har havna på sokkel i 1991. Statua av Sigurd med skia framfor det staselege kommunehuset er kjernen i Rindal Sentrum.

Verdens første verdensmester

Sindre Røen ser tankefullt på premiane til oldefar. Sjølv har han berre eitt Rindalsmesterskap.

I år er det 85 år sidan Sigurd Røen vart verdensmester på ski. I 1937 vann han kombinertklassen i det første offisielle verdensmesterskap på ski i Chamonix. Han var også med på det norske stafettlaget som tok gullmedalje. Derfor vil Sigurd Røen markerast særleg på Rindal Skimuseum i år.

Skihistorie

Bøe tok oss også med på ei reise gjennom skihistoria. Skiferdigheita til Olav Trygvason og andre tidlege historiske personar vart nemnt, og det var sagt om desse skiløparane at dei "overvann fuglene i flukten" med lange fjøler under beina. Vi fekk skihandverk, skikonkurransar og skiklubbar. Konkurransar var arrangert i mange bygder på Nordmøre.

Dette er Hitlers ærespris, som Sigurd Røen fikk tildelt i 1937.

Det første premieskirennet i Rindal var arrangert i 1894 av ungdomslaget Fram i Bolmen. Seinere fekk vi skirenn med tidtaking og måling av puls og pust av lege. Doktor Dørge kontrollerte vinnaren i eit renn i 1900 til 144 i puls og 24 pust i minuttet.

Vi fekk også høre om dei andre skiløparane frå Rindal både frå mellomskrigstida og utover etter 1950. Rindal Skimuseum kan vise ei stor premiesamling frå både nasjonale og internasjonale bragder.

Sigurd Røen har 4 kongepokalar i tillegg til mestermedalene i den rikhaldige premiesamlinga du kan sjå på Rindal Skimuseum i år, men høgast står nok Hitlers Ærespris. Den vart utdelt 5 gonger, og berre to havna utanfor Tyskland, begge i Romundstadbygda - hos Sigurd Røen og Torvald Heggem.

Frå venstre og rundt bordet ser vi Liv Røen, Randi Synnøve Knutsen, Kjell Knutsen, Elin Røen Skjermo, Ola Andreas Skjermo, Bente Beate Øyasæter, Sindre Røen, Sigurd Røen og Sigmund Røen.
I utstillinga på Rindal Skimuseum finn vi mellom anna dette minnet frå OL i Cortina der tre rindalingar deltok.

Formidling

Sidan det er Sigurd Røen-år ved skimuseet i år, så har museumspedagog Berit Kvam alt hatt besøk av skuleelevar. Dei har besøkt statua ved kommunehuset og gått gjennom utstillinga. Men dei har også levd seg inn i historia ved å skrive brev heim frå Chamonix - med penn og blekk!

Sommarsesongen opnar 19. juni. Da blir det musikk ved Blæst'n og Thor Gotaas kjem med boka om skihistoria til Rindal.

Avdelingsledar Kari-Elin Bolme Løfaldli takka Bernt G. Bøe for foredraget.
Powered by Labrador CMS