Surnadal kommune: Frå gåve til forsking:
Surnadal legesenter utforskar KI og ultralyd
Eit nytt ultralydapparat ved Surnadal legesenter har gitt legane nye moglegheiter for undersøking og fagleg utvikling. No deltek Surnadal kommune i eit forskingsprosjekt som undersøker om kunstig intelligens kan gjere ultralyd enklare å bruke i primærhelsetenesta – og bidra til at fleire undersøkingar kan gjerast nær der pasientane bur.
Historia starta før jul i 2024. Då fekk Surnadal legesenter ei gåve på 912 500 kroner frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank til kjøp av eit nytt ultralydapparat, skriv Surnadal kommune på sine nettsider.
Ultralydutstyr hadde stått på ønskelista ved legesenteret, og gåva gav legane tilgang til eit verktøy som kan brukast ved fleire typar undersøkingar. Samtidig gav det nye moglegheiter for kompetansebygging og fagleg utvikling.
No er satsinga på ultralyd ført vidare gjennom deltaking i forskings- og innovasjonsprosjektet AI POCUS AAA.
Kan kunstig intelligens rettleie fastlegen?
AI POCUS AAA undersøker korleis kunstig intelligens (KI) kan støtte bruken av ultralyd i primærhelsetenesta.
Ultralydbilete kan vere krevjande å ta og tolke dersom ein ikkje brukar ultralyd ofte. I forskingsprosjektet blir det derfor utvikla teknologi som skal kunne gi fastlegen rettleiing i sanntid medan ultralydundersøkinga blir gjennomført.
Målet er at KI skal kunne hjelpe brukaren med å finne fram til dei rette anatomiske strukturane og få gode nok ultralydbilete til undersøkinga.
Teknologien er framleis under utvikling og utprøving. Prosjektet skal finne ut korleis løysinga fungerer i praksis, og kva som skal til for at KI-rettleia ultralyd kan bli eit nyttig verktøy i primærhelsetenesta.