LESERINNLEGG:
Når minutta teller, men ambulanse uteblir
- Eldrerådet i Surnadal er sterkt uroa over eventuelle planar om eit redusert tilbod knytt til ambulansetenesta vår!
- Ambulansane er eit svært viktig bidrag til vår tryggheit og bu lyst i kommunen vår. Spesielt når vi geografisk ligg der vi ligg med lang avstand til næraste sjukehus.
- Dette gjeld liv og helse og vi krev at tilbodet ikkje vert redusert og vil ikkje akseptere ei nedbygging av ambulansetilbodet i kommunen vår!
- 2026 er Totalforsvarsåret i Norge. Et år med målretta søkelys på å styrke totalberedskapen og samfunnssikkerheitene.
- Difor meiner Eldreråd at signal om redusert ambulansetilbod er i strid med anbefalingar både frå sentrale- og regionale myndigheiter.
Surnadal Eldreråd