Annonse
ANNONSE FRÅ ÅSSKARD SOKNERÅD:
Hausttakkefest i Åsskard
Denne søndagens gudsteneste i Åsskard kyrkje er uvanleg rikhaldig.
Åsskard Bygdekvinnelag pyntar kyrkja med «markens grøde» til hausttakkefest og syter for kyrkjekaffe etter messa.
Konfirmantane frå 1970 er innbedne til 50-års konfirmantjubileum, som startar i kyrkja og held fram på museet i Bøfjorden.
Det er barnedåp og nattverd. Konfirmantane gjer teneste og hjelper Kristin Prest med ymse oppgåver. Kanskje blir ei forsongargruppe med og.
Dagens takkoffer går til arbeidet i kyrkjelyden.