To menn, en kledd i boblejakke og grønt slips, han andre er prest og kledd i hvit skjortel med grønt bånd med kors rundt nakken
Torbjørn Brøske har mange venner som vil sakne han i prestetenesta. Ein av dei er Kjell Gunnar Polden (t.v.)

Sankthans-gudsteneste i Stangvik

Publisert

Gudstenesta i Stangvik søndag blir møte med særprega profilar. I si siste messe som sokneprest vil Torbjørn Brøske aktualisere Døyparen Johannes – Sankt Hans.

Torbjørn har siste året gjort vikarteneste i området - mest i sokna Stangvik, Todalen og Åsskard. Alle desse kyrkjelydane er rause med lovord om nærveret hans - som forkynnar, sjelesørgjar og konfirmantlærar. - Torbjørn formidlar alt så jordnært og forståeleg, seier mange vi har snakka med. - Han kombinerer skarpsyn og omsorg, varme og humor i dei levande preikene sine!

Prest kledd i hvitt holder preken
Torbjørn Brøske avsluttar prestevikariatet denne søndagen.

Vil løfte fram Johannes

Sankt Hans (jonsok) handlar om Jesu nære slektning Johannes, som både bana veg for Jesus og døypte han. Presten har vald å bruke jonsokdagens tekster denne gongen..

Torbjørn har ved fleire høve løfta fram denne «røysta i ørkenen». - Som vår kanskje første økolog ville nok mannen som levde av grashopper og villhonning, hatt litt av kvart å seie oss i dag - om ressursbruk og samfunnsstyring, meiner den avtroppande presten – som no er i sitt 79. år.

Aktuell salmetone frå Kvanne

Kyrkja har få jonsoksalmar. Men ein er unik denne søndagen - Eyvind Skeies «Tal vennlig til Jerusalem». Den har nemleg melodi frå Kvanne! I 1928 var folketonesamlaren Edvard Bræin heime hos Ingeborg og Johan Aasgaard på Breidablikk – ei stue attmed dagens ferjekai. Etter Johan noterte han den vakre tonen vi no syng til Johannes-salmen på nr. 247 i salmeboka vår!

I ein annan, bibelsk salme - «Hjå deg er livsens kjelde» - er Torbjørn solist i vekselsong med forsongargruppe og kyrkjelyd.

Etter gudstenesta byr Stangvik sokneråd på kyrkjekaffe.

Litt vemod knyter seg nok til avskjeden med ein kjær hyrde. Men enno manglar ny prest, så kanskje blir Torbjørn med i dugnaden med f eks å undervise haustens nye konfirmantar?

En mann peker mot et hus
Organist Bernt Bøe gler seg til å bruke salmetonen 247, som stammar frå Breidablikk her på Kvanne. Den har form etter handelsmann og søndagsskulelærar Johan Aasgaard, som budde her.
Powered by Labrador CMS