Preika i Øvre Rindal kapell 30. juli

Lene Gåsvatn på preikestolen i kapellet, med redningsvest
Lene Gåsvatn på preikestolen i Øvre Rindal kapell

Om dei tunge børene

Jesus fortel at han veit råd både for oss og dei tunge børene våre. Han vil gje oss kvile, seier han. Programmet har ein talande illustrasjon frå Det nye testamente, God Nytt. Og for å understreke bodskapen kjem eg til å bruke ein svær, orange redningsvest – som eg også syner til i preika.

Lene Gåsvatn heldt denne preika under gudstenesta i Øvre Rindal kapell denne søndagen, og Lise Fiske Bolme vart døypt. (Bilde lenger nede.)

Øvre Rindal kapell 30.07.23.
Matteus 11, 28-30

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Eg kjenner ein kar som datt ut ifrå ein båt. Han var fullt påkledd, og hadde gummistøvlar på seg. Det var skikkeleg skummelt. Hadde det ikkje vore for at han hadde redningsvest på seg. Den fungerte etter hensikta, og han flaut rett opp att til overflata – tross blytunge gummistøvlar.

Kjeringa hans hjalp han oppi båten att, og ja – han lever fortsatt i beste velgåande. Det kunne gått så veldig gale utan redningsvest. Og heldigvis gjekk det bra.

Det Bibelordet eg har lese no, fungerer som ein god og solid redningsvest for mange, mange. Me anar ikkje kor mange som har funne trøyst i desse orda av Jesus, men det er mange. Og sanneleg har me funne trøyst der mange, mange gonger også. Omatt og omatt.

Orda av Jesus er så fulle av omsorg. Av kjærleik. Av vilje til å vera med og ta børa for oss. For det er vel det som teller.

Ikkje berre dei fine orda om at Ja, eg skulle så gjerne ha stilt opp for deg, hvis eg hadde hatt anledning.

Det kan alle seia, før me unskylder oss med at me har så dårleg med tid, evner og kapasitet. Før me unskylder oss med at me eigentleg har nok med oss sjølve.

Men det har ikkje Jesus. Han har ikkje nok med seg sjølv – han fungerer best når han får stilt opp for andre. Då er han i sitt ess, då arbeider han etter hensikta – dette rare mennesket som kom for å tene og gje livet sitt for alskens menneske.

Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera.

Kven er alle de som slit og har tungt å bera? Er det dei andre, er det oss, er det meg?

Og kva er det me slit med, i så fall? Er det økonomi eller samliv, er det einsemd i livet åleine eller er det naboskap, er det familien eller er det rus, er det helsa eller økonomien? Eller bekymring for alt me kan bekymre oss over - .

Me har vel vårt, alle. Og til tider er det drygt å vera menneske, drygt å leva, drygt å hanskast med livet. Til tider er det vanskeleg å leva.

Me er vel fleire enn Einar Skjæråsen som erfarte at så er tilfelle – og eg siterer frå dei to siste linene av diktet Du skal itte trø i graset:

Du er sjøl en liten veik en, du treng sjøl en storebror.

Også storebrødre treng ein storebror. Også vaksne treng omsorg. Også den som skal vera den som trøyster treng trøyst.

Og alle som lever treng nåde.

Redningsvesten eg snakka om i starten beskriv ikkje Jesus berre som ei mental livbøye. Ja, han er det også.

Men det er noko meir, noko meir eksistensielt enn bekymringane våre, trivialitetane våre, utilstrekkelegheita vår. Det er noko meir Jesus byr på når han byr på seg sjølv som der me kan finne kvile for vår sjel.

Kvilen for sjela finn me ikkje før me finn nåde. Kom til meg, seier Jesus. Han kom kom fyrst, som inviterer oss, som vil oss vèl så han bergar oss.

Me har lite med å fordømme kvarandre, peike på andre og kva dei gjer feil. Like lite har me med å fordømme oss sjølve for feila me sjølve gjer og kjenner så godt til.

Neimen om dei skal dra oss mot botnen som tunge gummistøvlar når me kjempar for livet.

For den kampen har Jesus kjempa for oss – og vunne. Han er redningsbøya vår, redningsvesten, den som hjelper oss å leva med børene våre og hjelper oss til å takle både dei trivielle problema våre og dødens brutalitet. Den også.

38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. (Rom. 8, 38-39) Skriv Paulus. Og når han er sikker, kan me òg vera det. Sikre på at det er slik det er.

Kva står me att med av hinder? Av grenser og begrensning?

Fint lite – så lenge Guds kjærleik i Kristus Jesus er grenselaus. Det er faktisk ikkje grenser for kven Guds kjærleik i Jesus Kristus kan nå inn til. Ingen grenser – heller ikkje for oss.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Knut Arne Fiske Pedersen spela på flygelhorn frå galleriet
Knut Arne Fiske Pedersen, onkel til dåpsbarnet, gjorde kapellet til katedral med Frode Alnæs sin flotte Vitae Lux på flygelhorn!
Han følgde også kantor Bjørn Vevang gjennom salmane.
Lise Fiske Bolme med foreldre og fadderar
Lise Fiske Bolme med foreldre og fadderar

.

Powered by Labrador CMS