Annonse
ANNONSE:
Gudsteneste i Rindal
Sundag kl.11 blir det gudsteneste i Rindal kyrkje. Alle fire-åringane har fått eigen invitasjon til å koma for å få fire-års-bok, og dei må gjerne ta med seg heile slekta!
To små skal døypast: Alma Sande og Anders Hofseide Møkkelgård. Barnekoret skal delta både med eigen song og som forsongarar. Og me skal takke kyrkjeverje Ingeborg Nordlund for lang og tru teneste i kyrkjelyden vår.
Trusopplærar Elsa Jensvold held preika. Dessutan skal både prost Dagfinn Thomassen og representantar frå Fellesråda i Surnadal og Rindal få koma til orde.
Like etter at det har ringt ut, blir det kyrkjekaffi.
Vel møtt til alle!