Annonse
ANNONSE:
Gudsteneste i Rindal kyrkje
Sundag 22. oktober kl. 11 blir det gudsteneste med nattverd i Rindal kyrkje. Det er nokre farisearar som set tema for gudstenesta med sitt lurespørsmål om korvidt det er rett å betala skatt til keisaren. Og Jesus kvitterer med å be dei betale både til keisar og til Gud. Me har offer til Redd Barna. Det blir nattverd og kyrkjekaffi.
Preika kjem på Porten etter gudstenesta, men det beste er sjølvsagt å vera der og få med seg alt av fellesskap i bøn og salmesong, nattverden, tekstane og ikkje minst musikken. Vel møtt til alle!