LESERINNLEGG:
Fremskrittspartiet tar folks kvardagsøkonomi på alvor!
Høge straumprisar, skyhøge drivstoffkostnader og dyrare mat har gjort kvardagen tøffare for folk. Her i Møre og Romsdal er ikkje bilen eit luksusgode, men heilt nødvendig. Folk skal på jobb og varer skal fram. Når kostnadane stiger merkast det ekstra godt i distrikta.
Dette kjem i tilegg til år med stadig stigande matvareprisar. Mange opplever at lønna rett og slett ikkje strekkjer til – og presset på kvardagsøkonomien blir berre større dag for dag. Kven tar ansvaret for dette? Regjeringa? Nei, dei held fast på dagens avgiftsnivå, medan innbyggjarane betaler prisen.
Fremskrittspartiet har derfor lagt fram konkrete forslag på Stortinget som faktisk kan hjelpe folk og næringsliv i kvardagen:
1. Halvere
matmomsen.
2. Fjerne
vegbruksavgifta på bensin og diesel fram til nyttår, og vurdere dette også for
2027.
3. Innføre
ei strømstøtteordning for næringslivet.
4. Fjerne
CO2 avgifta på farga diesel fram til nyttår.
Regjeringa har derimot avvist alle desse tiltaka. Dei vel å la folk betale dei høge prisane, samtidig som staten haustar rekordstore inntekter frå olje og gass.
Folk i Møre og Romsdal fortener handling, ikkje fine ord om at dette løyser seg snart. Å stå opp for folk i Møre og Romsdal betyr å gjere det vi kan for å lette kvardagsøkonomien for folk, og gjere det lettare for bedrifter som skapar arbeidsplassar, ikkje å fylle statskassa på bekostning av fylket vårt.
Fremskrittspartiet tar dette på alvor, og vi kjemper for at folk skal få betre råd, og gjere det mulig å drive næring i fylket vårt.
Joakim Myklebost Tangen
Stortingsrepresentant Fremskrittspartiet