Give me 5

Frode og dei flotte femteklassingane
Livleg konsert i Storstuå
Med spente og smilande fjes sto dei 61 femtklassingane og stråla på scena før gjesteartist Frode Alnes og musikalsk leiar Ragnhild Dahl kom inn. Koret opna med MGPjunior-låta Bæstevenna, noko Frode kalla 'vårens vakraste eventyr'. Frode har vore gjesteartist på Give me 5 heile tre gongar. Give me 5 har vore arrangert årleg sidan 2010, bortsett frå under pandemirestriksjonane. Etter opninga fortsette det instrumentalt, med ein trillande slått Frode hadde laga på tur hit og etter inspirasjon frå Knut Buen og Sigmund Groven, ein kantslått. Og humoren satt laust heile kvelden. Under Dance With a Stranger låta Only Love fekk koret utfolda seg, og i Rull baby rull tok det av med dansing midt i koret også.
Ein viktig bodskap om mangfald og identitet saman med nydeleg sang frå koret fekk vi i Skrimmelskrammel-songen Være den du er, før Frode spelte nydelege Vitae Lux som han skreiv da han gjekk på NoFo i 78/79.
Koret syng enno ein nydeleg son om venskap, Kor er du min ven?, før vi får ei rekkje med tre songar som på kvart sitt vis hyllar Kristiansund og Nordmøre. Den siste var skrive på bestilling frå Kristiansund kommune etter nyttårsorkanen i 91, kor humoristen Frode beskriv tilstandar med flyndre i musefellene, og han hadde lagt inn ein lokal surnadalsvri i teksten.
Innimellom dette tok Frode fram gullgitaren, og det vart det rockeriff-quiz der publikum fekk delta. Underteikna vann ein banan for å kjenne at introen til Smoke on the Water. Kreativt og artig innslag i konserten.

Etter mykje humor og liv roa det litt ned med vakre Long December Nights og ein intrumental Famntak-song.
Koret fekk igjen skine på avslutningsnummeret, igjen med temaet vennskap, Everyone needs a friend sometimes. Desse ti/elleve-åringane såg ut til å vere like begeistra som eg var for denne låta da den kom ut, og eg var på same alder, og den vart spela på repeat i bilen til Gardemoen og heimatt.
Give me 5 er eit veletablert prosjekt som kommande femteklassingar gler seg til. Elevar frå alle tre oppvekstsentra og SUBUS samlast og får bli litt kjent, og det er stas å få reise til Skei på øving.

Musikalsk leiar Raghild Dahl vart overrekt blomar av oppvekstfagleg rådgivar Kenneth Bergstad, utan ildsjeler hadde ikkje dette vorte noko av.


Elevane frå Bøfjorden- og Bæverfjord oppvekstsenter tykte Frode var artig. Det var gøytt å synge, og å lage grimasar til mødrene i publikum. Litt nervar hadde det og vore, mesta til å bli kvalm av, men det var veldig stas når det først var i gang, og det var vel verdt litt slitne føter.
