Minileir med Vårsøg 4H
Allereie tidleg laurdag morgon er Åsmund Humberset i gang med å forberede kveldens aktivitet, minileir i Vårsøg 4h oppi Øyagardslia. Han er leiar og føler på eit stort ansvar. Han kallar inn venene sine Lars Håkon Halle og Ulrik Akrim. Oppe ved dammen blir det hengt opp nattursti som Åsmund har laga sjøl i forvegen.
Gutane hadde også vore ein tur oppi Damvatnet og fiska seg kveldsmat. Etterkvart dukka også rådgjevarar og fleir frå klubben opp og hjalp til. Klubben hadde fått lånt seg eit stort telt av BU. Kjekt å ha om det det skulle bli skikkelig regnvær.
Utover ettermiddagen ploppet det etterkvart opp små telt og fargerike kokonger i trea.
Ca 28 store og små var på minileir. Dei fleste trossa mygg og småregn og sov over. Den minste som sov i telt er 2 år gamle Tomine. Store aspiranter og juniorer tar ansvar for små kløvere så alle er inkludert. Vi vaksne treng mesta å berre ha tilsyn. Dei vakna til sol og blå himmel og gårsdagens myggstikk og våte teltduker er glømt.
Vårsøg 4H har fått kr 5000,- av Surnadal kommune. Vi har kjøpt oss regnslag til hengekøyene.