To turkledde personer går opp ei bratt li. Sjø og fjell i bakgrunnen.
Opp frå Torviksetrin med Surnadalsfjorden og Trongfjorden i bakgrunnen.

Nytt turstinett over Stangvik- og Torvikfjellet

Publisert Sist oppdatert

Svein Aarnes har gjort ein fantastisk innsats med å merke turløyper i skog og fjell i Surnadal. Søndag 20. august inviterte han til fellestur for å markere at turstinettet over Stangvik- og Torvikfjellet er fullført.

For fleire tiår sidan begynte Gudlaug Oppistua Torvik å merke turstiar på Torvikfjellet, dette for å aktivisere jordbærplukkarane i helgene. Randi Lysø tok etter kvart over etter Gudlaug. Sia har Svein Aarnes og Randi Lysø samarbeidet om dette prosjektet. Arnfinn Glærum har og vore med på fleire merketurar.

Til orintering for dei som likar å gå i merka løyper

Turstinettet strekkjer seg innover heile fjellet til Alterstjønnin, og ein finn bok i kasse, der ein kan skrive namnet sitt; på Alterstjønnin, Engelivarden, Sivertvarden, Strengaløa, Torviksetrin, Setervarden og Middagssteinen. Terrenget er lett å gå i.

Referat frå markeringa og feiringa av ferdigstilt turstinett 20. august

Svein Aarnes guida oss gjennom ein del av turnettet. På grunn av regn og skodde, vart vi berre åtte, men ein blid og munter gjeng! Tross regnet, var stiane så lette å gå. Så i finver må dei vere "fjærlette"!

Vi starta frå Storsetra, over Middagssteinen, over Klokkarhaugen, over Setervarden og ned til Torviksetrin. I regnveret var det godt å kome inn i Nestusetra Torvik, der vi vart traktert med meir enn skikkeleg seterkost; Randi Lysø stilte med græt og bakels og varm, nydeleg eplekake og nykoka kaffi. Svein Aarnes varta opp med molte, vaniljeis, 2 smakfulle selskapskaker og 4 kaffikanner - alt frakta over fjellet i sekk og kaketine! Så tørre brødskiver vart vel med heimatt?! Humøret og energien steig, og på mangel av heimvett, vart det eit riktig langt kaffilag i hyggeleg selskap. Da vi kom ut, var det sanneleg opphaldsver og god sikt, som varte på første del av heimturen.

Vi takkar turstimerkar og guide Svein Aarnes og vertsfolket Randi og Rolv Lysø for ein overlag fin og minnerik dag!

Folk i regntøy på fjelltur.
Oppstart med tung sekk og kaketine
Folk i regntøy på fjelltur.
Ut på tur aldri sur.
Folk i regntøy på fjelltur.
Velger lengre sti om fjellet.
En varde.
Lett turterreng og godt merka turløype.
Skilt som viser vei på turstier.
Nærmar oss Torviksetrin.
Folk i regntøy på fjelltur.
Framme ved Torviksetrin
Et gammelt seterfjøs.
Solbrent og sjarmerande gammalt fjøs.
Ei gruppe turkledde folk rundt et pådekt bord inne i ei hytte.
Mykje og herleg servering i Nestusetra Torvik.
Ni turkledde personer oppstilt ved tuftene/restene av et gammel lite tømmerhus.
Turgåarane og Randi Lysø utafor Nestusetra.
To menn og ei dame oppstilt ved tuftene av et lite gammelt tømmerhus.
Takk til vertsfolket og guiden.
Ei gammel hytte av tømmer, eller seterstue, på fjellet.
Oppistusetra Torvik.
En turkledd mann som går oppover ei li. Fjord og fjell i bakgrunnen.
Guide og turstimerkar Svein Aarnes.
Ei gruppe turkledde personer står og ser ut mot sjø og fjell.
Tilbake til Middagssteinen.
En rasteplass med bord av store steiner.
Tilbake til Storsetra i skodde og regn.
Powered by Labrador CMS