FRAM melder:

Venterom med grønne lenestoler og resepsjonsdisk ved glassdør.

Venterommet for busspassasjerar er flytta til Frichs Hotel Surnadal

Tidlegare har det vore tilbod om venterom for reisande på Kulturhuset i Surnadal. Det nye venterommet ligg rett over vegen for det gamle, i kjellaren på Frich’s Hotel. Inngangen er ved foten av gangbrua, skriv FRAM på si heimeside.

Publisert Sist oppdatert

– Det viktigaste for oss er at dei reisande har ein stad å vente som er enkel å finne og som fungerer godt i kvardagen, seier leiar i FRAM, Stig Helle-Tautra.

- Venteareal som dette blir i dag i større grad tilpassa dei viktigaste behova passasjerane har, samtidig som vi ønsker å bruke mest mogleg ressursar på sjølve transporttilbodet.

FRAM ber dei reisande merke seg den nye lokasjonen og sette seg inn i kvar ventearealet ligg før reisa.

Venterom med grønne stoler, resepsjonsdisk og korridor med dører
Inngang med skyvedører, mørke krakker og stripet dørmatte i bygg.
Powered by Labrador CMS