Næringslivsavdelinga i Surnadal kommune inviterte til møte om resieliv og lokalmat

Sette fokus på reiseliv og lokalmat

Måndag kveld inviterte Næringsavdelinga i Surnadal kommune og Strengen til reiselivsmøte der ein fokuserte på reiseliv og lokalmat. Lars Ove Løseth viste fram planane for Frich’s Hotel Surnadal som er godt i gang med oppussing og ombygging.

Publisert Sist oppdatert

Nitten representantar for reiseliv og lokalmatproduksjon møtte opp, noko som viser mangfaldet som finst i Surnadal kommune. Her var det produsentar av honning, ulike typar kjøtt, fisk, bakst, opplevingar og friluftsliv, thai-mat, lokal ølbrygging ,restaurantar og overnattingsstadar.

Ønskte velkommen og orienterte 

Kommunalsjef Samfunn i Surnadal kommune, Karin Halle ønskte velkommen, samtidig som ho orienterte om reiselivssatsinga i kommunen. Surnadal kommune har i mange år vore med i Visit Nordvest, eit selskap som no har slått seg saman med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og blitt til Destinasjon Møre og Romsdal.

Halle fortalte at kommunestyret i Surnadal har vedteke at kommunen ikkje skal vere aksjonær i dette selskapet, men at enkeltbedrifter innafor reiseliv i Surnadal kommune framleis kan vere medlemmer, sjølv om kommunen ikkje er det.

Det var også ein liten presentasjonsrunde av deltakarane.

Storsatsing på hotellet 

Lars Ove Løset frå LL gruppen orienterte om storsatsinga på hotellet. 
Frå 1. januar overtek Frich’s Hoteller og Spisesteder drifta av det som i dag er Thon Hotel Surnadal, og det nye namnet blir Frich’s Hotel Surnadal, med LL gruppen som eigar av bygningsmassen.

Det vart i samband med «nysatsinga» laga planer for ombygging og oppussing på mellom 40 – 50 millionar, men ser ut til å ende på litt i overkant av 50 millionar, kunne Løset fortelje.

Lars Ove Løseth presenterte planene for hotellet

Han kunne også fortelje at det er ønsket om å ha eit hotell i Surnadal som er drivkrafta for den omfattande oppussinga og ombygginga som no skjer på hotellet. 

– Økonomisk sett har det ikke vært drevet med overskudd siden Andreassenfamilien drev hotellet fram til først på nittitallet, sa Løseth.

To bilder satt sammen, ett av et stort hvitt gammelt bygg, det under av et moderne bygg med gangbro over veg
Hotellet i gamle dagar og no

I det nye konseptet for hotellet vil det bli satsa på konferansemarknaden, der ein kan ha konferansar heilt opp til konferansar med 400 deltakarar. Hotellet vil ha i overkant av 70 rom, resepsjonen blir flytta og det vil bli nye serveringstilbod.

Løseth kunne også fortelje at LL gruppen har kjøpt Raulåna på Surnadalsøra, eit bygg dei også skal pusse opp og bruke i drifta. Dette er eit freda bygg, så her er dei i tett dialog med Riksantikvaren og fylket fortalte han.

Raulåna på Surnadalsøra

Lokal ølbrygging

Både Innestua Gardsbryggeri på Setergarden og Hammerstuene gjennom Bar Bakke på Surnadalsøra driv med ølbrygging. Fredag kveld arrangerer dei ølsmakar-kveld på Hammerstuene.

Innestua Gardsbryggeri ser også på moglegheita for å dyrke eige korn til ølbrygginga, men foreløpig kjøper dei kornet som trengst til brygginga.

Prosjektet «Garden som resurs» 

Harald Bredesen orienterte om prosjektet «Garden som resurs» som vart gjennomført i løpet av 2024.

I trinn 1 var det totalt tre samlingar med rundt tretti deltakarar. Samlingane var i Svinvika hos Svinvik gard, i Levika i Ålvundfjord og Jostua Bele i Bæverfjord.

Det er plana at trinn 2 skal arrangeres ganske snart. Det fylket som finansierer prosjektet.

Avslutning

Mette Sæter Ormset frå Strengen orienterte til slutt litt om prosjektet RISS.

Måndagens møte viser at det er stort mangfald og stor vilje til satsing, både innafor reiseliv og lokalmatproduksjon, i Surnadal kommune 

Deltakarane ønskte å vidareføre samarbeidet, og vart samde om at det skal gjennomførast eit nytt møte på Hammerstuene i løpet av januar.

Powered by Labrador CMS