Målfest i serieopninga

Heimelaget Rindal tok imot Sverresborg 2 i damenes seniorserie (7-er) onsdag kveld. Heimelaget levert ein solid seriepremiere og køyrde til tider over gjestane frå Trondheim. Dei raude og kvite ga seg ikkje før dei hadde sett seks ballar bak bortelagets burvaktar.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om vèret ikkje minna mykje om august, med regn og låg temperatur, så bydde rindalsdamene på spel som varma litt for dei rundt tjue som hadde teke turen til Trollbanen denne kvelden. Etter ein litt rotete start på kampen med få sjansar, fekk heimelaget, etter ca 10 minutts spel, ein stor sjanse. Mali Løset fekk klemt i veg eit skot som stussa i en forsvarar og gjekk i ein fin boge over keeperen, og Mali Løfald på bakerste stolpe, fekk ein enkel jobb med å pirka heimelaget opp i leiinga. 1-0!

Ti minutt seinare fekk Mali Løfald ei langpasning, som ho elegant tok ned og plasserte ballen i nota og auka leiinga til 2-0. Fleir mål vart det ikkje i første omgang.

Andre omgang starta som første avslutta. Heimelaget hadde ballen desidert mest og kom til fleire halvsjansar, og til slutt fekk Oddveig Dimmen sendt veg eit skot som satt kontant i nota og auka til 3-0! Sjølv om bortelaget klarte å redusera til 3-1, var heimelaget såpass mykje betre at det var liten tvil om kven som skulle gå seirande ut av kampen. Da Tomine Røen sette 4-1 var iallefal all tvil om poengtap fordufta og Mali Løset, for øvrig rindals beste spelar denne kampen, putta ytterligare to ballar i nettet bak Sverresborgkeeperen i sluttminuttane og fastsette resultatet til 6-1! Meget bra start for rindalsdamene og det kan bli artigt å følgje dei vidare i sesongen!

Rindal I.L stilte med følgande lag:

Maren Rønning, Oddveig Dimmen, Tomine Røen, Ailin Van Til, Mali Beate Norli, Mali Løset, Solveig Løset, Mali Løfald, Marie Gjerstad, Milla Skjølsvoll-Aasen, Kristine Jacobsen, Julie Sellie.

Kaptein og to-målsscorer Mali Løfald.
Mali Løset i ferd med å overlista keeperen.
Powered by Labrador CMS