Mange fotballspillere på gressbane

Viktig seier for heimelaget

Publisert Sist oppdatert

Rinnvollen viste seg frå si beste side laurdag, då heimelaget Rindal tok imot Utleira i herranes 5.div til dyst. Septembersola varma godt dei frammøtte som fylte tribuna til randen. Det vart høg temperatur ute på den fantastiske grasmatta òg!

Heimelaget gjekk rett i strupen på dei oransjekledde gjestane då dommaren bles igong kampen! Det tok ikkje meir enn ti sekunder før heimelaget, ved Daniel Eide, sette gjestanes burvaktar på prøve! Men keeper stoppar forsøket. Etter dette vart det stillingskrig med eit ørlite overtak til heimelaget. Masse feilpasningar i alle faser av spelet gjorde sitt til at det vart produsert smått med sjansar trass eit lite overtak.

Ikkje før etter ein halvtimes spel fekk heimelaget ein god sjanse til å ta leiinga. På ein corner ragar Geir Magne Glåmen høgast og får til ein god heading, men ballen vil ikkje i mål! Gjestane var ikkje snauare enn at på det påføljande angrepet fekk dei satt ballen i målet bak keeper Eirik Solem, etter heimelagets forsvar laga ein autostrada til Utleira-angriparen. Dermed 0-1.

Omgangen såg ut til å enda med leiing til gjestane, men Jørgen Gjerstad ville det annleis og breisida inn utlikninga frå kort hald etter eit sjeldant godt innlegg. Dermed kunne laga gå i garderoben på stillinga 1-1.

Andre omgang starta ganske likt som den første med stillingskrig og mange feilpasningar. Begge lag hadde nokre halvsjansar, med blant anna eit godt skot av Sondre Bolme på frispark frå rundt 20 meter. Men det skulle gå ein halv time før heimelaget fekk løn for strevet. Trenarteamet til heimelaget hadde sett Martin Fjerstad høgare opp i bana, og det var nettopp nevnte Fjerstad som på lekkert vis sendte Rindal til himmels! Han sprang frå det som var av oransjekledde og elegant lobba ballen i fin bue over ein sjanselaus Utleirakeeper og i nota! 2-1!

Det var nokre hektiske sluttminuttar med eit visst press frå Utleira, men langt på overtid fekk heimelaget ein kontring og Sander Landsem Kattem sprang frå alt og alle og satte ballen enkelt i mål! 3-1!

Det var det siste som skjedde og heimelaget fekk med seg tre viktige poeng og trygga dermed tabelleiinga!

Rindals lag: Eirik Solem, Sondre Aune, Edvard B. Fjerstad, Geir Magne Glåmen, Jørgen Gjerstad, Geir Bævre, Sander Staurseth Strømme, Are Aune, Daniel H. Eide, Martin B. Fjerstad, Mikkel Bakken. Benyttede innbyttere: Torstein Heggem, Sondre Næss Bolme, Sander Landsem Kattem

Dommere og mange fotballspillere på gressbane.
Inngang.
To spillere, en linjedommer
Forsvaret ryddar opp i hektiske sluttminutter.
Mange fotballspillere på gressbane.
Sondre Bolme fyrar frispark, men keeper reddar.
Mange fotballspillere på gressbane
Hektiske sluttminutter.
Fotballspiller kaster inn ballen på banen.
Jørgen Gjerstad med innkast.
Masse folk, også mange publikum som sitter og ser på.
Varmen gjorde sitt til at drikkepause var nødvendig.
Mange fotballspillere på gressbane.
Martin Fjerstad lobber over keeper til leiing 2-1!
Mange fotballspillere på gressbane.
Sander L. Kattem med innlegg.
Powered by Labrador CMS