Poengdeling på Rinnvollen

Trass i at vi framleis er i mai, var banen på Rinnvollen grøn og fin og i blanding med fint spele-vèr og mykje publikum, låg det an til ein god kamp. Noko festfotball blei det imidlertid ikkje..

Publisert

Kampen starta litt famlande for begge lag, og ingen av laga kom til dei heilt store sjansane. Rindal tok meir tak i kampen etterkvart utover omgangen og hadde god kontroll på Åfjord. Men dei store sjansane uteblei og etter ein litt kjedeleg første omgang der kvart lag kunne notera seg for kun ein målsjanse kvar, kunne laga ta pause på stillinga 0 – 0.

Corner... og nesten mål

Andre omgang starta slik som første omgang, men tempoet og presisjonen på begge lag var lågare. Heimelaget kunne tatt ei tidlig leiing i omgangen då ein corner fekk gå rett gjennom Åfjords mål-gard utan at nokon hos vertane klarte å setje foten på ballen. Ikkje lenge etterpå fekk Torstein Heggem muligheten, men åleine gjennom makta han ikkje å utføra den presise pasninga til ein umarkert Roy Bolme framom målet og målmannen i gjestanes bur fekk ballen ut til corner.

Utover omgangen skjedde det særs lite framom begge lags mål og kampen enda mållaus noko som kjendes som eit rettferdig resultat utifrå spel og sjansar.

Rindalstrenar Lars Ole Heggem var ikkje heilt fornøgd etter kampen. – Dette er eit lag som det er mulig å slå, var Heggems kommentar. Det er Trollheimsportens utsende heilt einig i!

Det er vanskeleg å kåra banens beste, men Oddvar Børset gjorde ein solid kamp i forsvar.

Det kan òg nemnast at årets russ var med og gjorde at stemninga på tribuna var upåklageleg! Dei mana dei frammøtte til taktfast klapping ved hjelp megafon! Eit kjærkome innslag i ein lit kjedeleg kamp! Bra jobba!

Bra med publikum!

Kampfakta 5.div:

Rindal il – Åfjord 0 – 0 (0 – 0)

Rindals lag:

Anders Grytbakk, Sondre Aune, Jørgen Gjerstad, Scott S. Aasen, Oddvar Børset, Are Aune, Torstein Heggem, Brage Storholt, Geir Bævre, Geir Magne Glåmen, Daniel Eide. Benytta innbyttarar: Roy Bolme, Steinar Møller og Jostein Landsem.

Powered by Labrador CMS