Surnadal IL si nye fotball-låt tek form:

Initiativtakar Heid Snekvik (t.v.) og låtskrivar/produsent Hans Olav Settem på innspeling av vokal med A-laget og damelaget søndag.

– Eit ekte surnadals­produkt

30 år etter at fotballgruppa i Surnadal IL gav ut kassett, med blant anna Ole Magne Ansnes' klassikar "Kainn e' best? - Surnadal", er det snart klart for ny fotball-låt frå Syltøran.

Publisert Sist oppdatert

Hans Olav Settem står bak låta, «Blått blod», der han, saman med Torstein Snekvik, vert kreditert for tekst og melodi. Snekvik og medspelar Andreas Dalsegg Sæter frå Surnadal sitt A-lag syng solopartia, medan damelagsspelarane Oda Bæverfjord og Emilie Brøske Rønning legg på flotte overstemmer.

Både A-laget og damelaget er med som koristar på dei fengande refrenga, og all vokalen er spelt inn hos DreamFarm Studios på Øyamoen. I tillegg skal det lagast video ved Erik Sande frå Sande Film, medan lagleiar for A-laget, Heid Snekvik, er initiativtakar og prosjektleiar.

Legg ein til at prosjektet også er finansiert og sponsa av lokalt næringsliv og enkeltpersonar via ein Spleis-aksjon, står ein att med at den nye fotball-songen til fotballgruppa i Surnadal er eit heil-lokalt produkt.

– Ja, totalen er at dette er eit ekte surnadalsprodukt, og det har vi vore opptekne av at det skal vere.

Det seier initiativtakar Snekvik. Ho meiner det er på høg tid med ei ny fotball-låt frå Surnadal.

– Det er 30 år sidan sist det vart laga ei, så då må vi gjere det skikkeleg, når vi først skal gjere det. Vi har gått for kvalitet i alle ledd, seier ho.

Trollheimsporten har fått høyre låta, og kan slå fast at her har både SIL-patriotar og andre med interesse for musikk og/eller fotball verkeleg noko å glede seg til!

Spelarane frå A-laget og damelaget gav alt under innspelinga i studio i helga.

Frå fredag til og med søndag var det full skuv i DreamFarm Studios, der spelarane på dame- og herrelaget spelte inn vokalen. Det gjorde dei med fullt trøkk og stor innleving, og fleire av spelarane gav tidleg og tydeleg uttrykk for at dei gleda seg til å spele nysongen om og om igjen i lystig lag.

– Vi ønska å lage ei låt som spelarane, ungdommane, er stolte av, som betyr noko for dei, og som dei har lyst til å spele både på Syltøran og på fest. Det skal vere ei låt som kan brukast i klubbsamanheng, men samtidig ei låt som er så kul at ein har lyst til å ha den på Spotifylista si, seier Snekvik, som aldri var i tvil om at ho ville ha med Hans Olav Settem på laget.

– Hans Olav var øvst på ønskelista vår, så det var veldig artig at han sa ja med ein gong.

Andreas Dalsegg Sæter (t.v.) og Torstein Snekvik spelte inn lead-vokal fredag...
...medan Oda Bæverfjord og Emilie Brøske Rønning la på flotte overstemmer seinare på dagen.

Noko å vere stolt av

Og Settem tok oppdraget om å lage ny fotball-låt med glede.

– Eg var utruleg glad, då eg fekk oppdraget. For når musikken har vorte yrket mitt, har fotball i større og større grad vorte hobbyen min. Det å følgje med på at Surnadal har så gode lag, både på herre- og damesida, har vore ein stor inspirasjon i seg sjølv, gjennom denne prosessen, seier han.

Artisten, musikaren, låtskrivaren og produsenten Settem har fullt opp med mange prosjekt, som no går samtidig, men var likevel aldri i tvil om at dette var noko han ville vere med på.

– Eg måtte skvise inn dette oppdraget, for dette er noko eg kjem til å vere stolt av og ha med meg i lang tid framover, seier han, og legg til:

– For forhåpentlegvis blir dette ei låt som slår an, og som kan verte spelt ganske lenge framover. Det å vere med på dette er veldig fint, rett og slett.

Etter ei heil helg med innspeling, gjev Settem ros til DreamFarm Studios.

– Det å vere i DreamFarm Studios og spele inn låta, er heilt nydeleg. Det at dei har trylla fram eit av dei finaste studioa i Noreg her på Øyamoen, er veldig stas.

Ingenting å seie på innlevinga då Hans Olav Settem sette i gang Andreas Dalsegg Sæter og Torstein Snekvik på refrenget fredag.

– Skal få blodet til å bruse

Når det gjeld sjølve låta, fekk Settem nokre referansar og instruksar frå Heid Snekvik, og han har i tillegg brukt referansar frå songar han likar - både supportarsongar og anna musikk.

– Målgruppa er dei som spelar på laga, og vi har difor laga musikk som dei på den alderen høyrer på, i staden for å berre lage ei fotball-låt full av klisjear – for det finst ganske manga stygge fotballsongar. Eg trur og håpar ikkje dette skal bli av dei styggaste, smiler han.

– Det er ein miks av popmusikk eg likar å høyre på, og så må ein samtidig ha med det litt svulstige, brusande lydbiletet. Ein slik song skal jo få blodet til å bruse litt.

Sjølv om Hans Olav Settem er mest kjend for yrket sitt, som er musikken, fortel han at pila peikar rett veg også i hans eigen fotballkarriere:

– Ja, fotballkarrieren går det berre oppover med no. Det har vore stilt ganske lenge, for eg gav meg i 8. klasse. Eg tykte det var veldig artig å spele fotball, men så fekk eg etter kvart eit mykje meir lidenskapeleg forhold til musikken, seier han, og fortsett:

– Når eg no jobbar med musikk kvar dag, høyrer eg omtrent ikkje musikk på fritida, eg ser fotballkampar, seier han, og nemner blant anna Premier League i England, Serie A i Italia og den norske Eliteserien som seriar han følgjer tett.

– Og det er Wolverhampton Wanderers som er laget, slår Settem fast.

27-åringen har og starta eit amatørfotballag i Oslo, der blant anna Batteri- og Benedikt-kompis Oddbjørn Sponås er med.

– Ja, vi har eit lag for folk i kulturbransjen, som treng å koble av og springe litt etter ein ball ein gong i veka. Vi har hatt treningskampar mot bedriftslag frå same bransje, seier Settem.

Store smil då Settem spelte av låta for damelaget for første gong.

«Blått blod»

Sjølve låta, som altså har fått tittelen «Blått blod», skal lanserast helga 16.-17. oktober. Då har både A-laget til Surnadal og damelaget Surnadal/Søya/Todalen siste heimekamp for sesongen – A-laget mot Dahle laurdag 16. og damelaget mot KBK søndag 17. oktober.

– Det blir stor stas, og i samband med lanseringa av låta skal det og sleppast ein musikkvideo. Det blir gjort opptak komande helg, både under A-lagets heimekamp mot Smøla laurdag og dagen etter, så vi håpar det kjem mykje folk på Smøla-kampen, seier Heid Snekvik.

Ho legg til:

– Eg er heilt sikker på at vi kjem i hamn på ein ordentleg god måte.

– Ja, eg og, seier Settem, og fortsett:

– Heile greia er ganske unikt, trur eg. Her er heile fotballaga med og syng, spelarar syng alle soloparti og har vore med på å skrive låta. Ein slik kombinasjon mellom fotball og musikk er ikkje heilt vanleg.

For ordens skuld: initiativtakar Heid Snekvik og vokalist/medlåtskrivar Torstein Snekvik er henhaldsvis søstera og nevøen til artikkelforfattaren.

Powered by Labrador CMS