Fjellgruppa:

Tur til Kristianvarden

Publisert

I dag gjekk turen til Kristianvarden, mesta på toppen av Skarfjellet. Takk vera venleg grunneigar og kjentfolk fekk vi køyra opp hyttevegen - korta tå høgdemetrane, - veret var ikkje heilt å lite på.

Oppstart i Kvenndalen.
Passerer Skaråsen.

På vegen opp stoppa vi attmed eit par husstore steinar. Under den eine var det eit godt rom som onnafolket før i tida bruka som overnattingsplass når dei slo i marka. Skråtaket var borte, men ein oppmura levegg og ei slipsteinskrykkje stod att og minte om farne tider. Høyet frå utmarka var avgjerande for dyrehaldet mange stader.

Gammal slåttebustad.

Det vart litt vandring over store snøfonner, før vi midt inne på eit turt område jaga opp ei rype frå reiret, med en 8-9 egg. Vi gjekk raskt vidare så ikkje egga skulle bli kalde.

Utsikt innover Kvenndalen.
Opp mot Skarfjellet.
Over mange snøbrear.
Snart på toppen.
Rypeegg på Skarfjellet.

Vel ved varden kom surveret, men ikkje verre enn at vi fekk i oss medbore vått og tørt. Utsikten var hemma av skodde, så kanskje vi kjem att ein finversdag og går heilt på toppen. Da må vi få med oss Mary og Lars Gudmund igjen som kjentfolk, så dei kan fortelje meir om livet i Kvenndalen.

Utsikt mot bygda.
Oppe på Kristianvarden.
Kristian på Kristianvarden.
Utsikt til Kvenna og Stangvikfjorden.
På nedturen.
Ein pause på Skaråsen.
Historieforteljaren Lars Gudmund på Skaråsen.

Neste tirsdag prøver vi oss kanskje på kløvstigen inni Vindøldalen og går til Breiskarsetrene, om veret blir anstendig.

Powered by Labrador CMS