Fjellgruppa i Surnadal

Fjellgruppa og setereigaren Eystein Opdøl

Tur til Innerdalen

Publisert

I dag skein sola på oss!

Heile 30 opplagte fjellturfolk møttest på Kvennaferja under ein blå himmel, så da vi gikk frå bilane i Viromdalen med mål Renndølsetra i Innerdalen, var stemninga på topp. Trudde vi. For da vi kom fram til setra og såg at vertskapet hadde sett av dei tri beste borda til oss, kjente vi oss som VIP-gjestar der vi benka oss omkring.

Fin start med ferga Kvanne-Rykkjem
Biltur gjennom frodige Virumdalen
Til fots frå Nerdal
Idyllisk plass i Nerdalen

Vakrare kulissar enn i Innerdalen finst knapt i landet, og dei stod godt til bakelsa (ja det hette bakels på surndalsk!) med rømme og syltaty og smellgod kaffe som vart servert av blide vertinner.

Verten sjølv, Eystein Opdøl, ga oss ei fin orientering om seterlivet i Innerdalen i farne tider, og om bestefaren Eistein, som sørga for at dalen vart berga for neddemming i den store kraftbyggingstida. Det vil alle seinare slekter vera han takksam for.

Det kom forslag om at vi skal ha ein overnattingstur hit neste år. Den som lever får sjå, men kanskje lysta til ein slik tur heldt oss i gang enno eit år? Ja trur mesta det.

I Noregs vakraste dal
God mjølkeprodusent på Renndølsetra
Idylliske Renndølssetra ligg der så vakkert til mellom fjella
Gammalt, solbrent og verbit fjøs
Smakfulle bakels med seterrømme og solbærsyltetøy
Eigaren Eystein Opdøl fortel godt og interessant
Renndølsetra har og ei gammal, lita og koseleg hytte
Mett og rik på naturoppleving etter seterturen

---

Powered by Labrador CMS