Hennafjellet vart skatur!

Publisert

Heile 37 opplagte og trivelege turfolk møtte for å vera med - det er ny rekord for Fjellgruppa! Mange nye andlet, og alle var blide og stemt for topptur. Men også bilturen utover til Hennset var ei oppleving i finveret.

At vakker dramatisk natur fører med seg motbakkar fekk vi sanne etter kvart, men det er i motbakkane det ber oppover, også i andre delar av livet.

Målet er Hennafjellet.
Opp gjennom furu- og lauvskog.
Landskapet opnar seg.

Og opp kom vi, heilt til endes, sjølv om vi krangla litt om kva som var toppen.

Utsyn til fjordar og fjell.
Ser mot Hjelmen og Blåfjellet.
Peikar mot Tustnastabbene.
Bitten og Kristian på første toppen.
Til topps på Hennafjellet.

Skal ikkje prøve å seie noko om utskten, men vi vart sitjande lenge. Det var godt å vera der.

Ser mot Arasvikfjorden, Valsøyfjorden og Vinjefjorden.
Alle 37 på toppen.
Liten kvil på nedturen.
På heimveg.

Men når vi såg arbeidet som er på gang på E39, vart vi samde om at landet vårt er upraktisk. Men fagert, det er det.

Powered by Labrador CMS