Fjellgruppa til Todalen og Storhaugen

Publisert

23 turglade vandrarar møttest på Todalshytta, før vi la iveg etter kjentmann Gudmund. Fin veg og sti, men det bar imot - vi skulle da 300 m opp!

Opp fra Todalshytta mot Storhaugen.

Vel oppe venta premien, - ein formidabel utsikt over den vakre Todalen. Rasteplassen var på kanten av luftig, men ingen ramla utfor.

Første kvil.
Sissel ser sin barndomsheim.
Matpause på Storhaugen.
Spreke pensjonistar på Storhaugen.
Utsyn over vakre Todalen.

Nedturen etter god skogsveg, og så følgde vi elva attende. Godt tilrettelagt for ferdsel langs bradden, med opplysningsskilt med namn på hølane. Todalingane får det til!

Nedover fra Storhaugen.
Fin elvepromonade langs Toåa.
Gjennom skog og over eker.
Gjennom løvetannenga.

Avslutning på Todalshytta med kaffe og nybaka eplekake og is, alt laga på kort varsel. Ein så god servise fortener at vi skryter og nemner at dei startar middagsservering på hytta neste onsdag. Berre så det er sagt.

Kaffi og eplekake på Todalshytta.
På Todalshytta etter ein fin tur.
Powered by Labrador CMS