Fjellgruppa:

Rundtur i Vangsgutland

Publisert

Vi starta på Todalsøra og fann stien opp mot Hallsetsetra.

Oppstart frå Hegerneset
Matpause ved Ansnessetra etter bratt og lang sti

Da vi var vel oppe, var den gamle småkrangelen om kvar det er finast og kven som har beste veret avgjort: det er i alle fall brattast i Todalen! Men alle kom opp og kunne nyte den vakre naturen innunder Rambjøra. Ansnessetra vitna om tida da krøttera var retteleg frittgåande.

Alle 25 bak Ansnessetra med Rambjøra i bakgrunnen
Utsyn over Todalsfjorden
Fin utsikt bak Ansnessetra
Utsikt mot Nordviksula og Kvennsetdalen

Etter god pause med inntak av drivstoff fortsette vi til Hallsetsetra. Der var det og spor etter gruvedrift. Utsikten var formidabel heile fjellheimen rundt.

Over Ytteråa
Opp mot Hallsetsetra
Hallsetsetra ligg høkt og fritt
Hallsetsetra med vidt utsyn over Todalen og fjella rundt
Fjellgeiter ovafor Hallsetsetra
Orientering i fjell og navn
Utsyn over mange fjell og dalar
Ser mot Skjerdingfjellet og Snøfjellet
Guiden Anders Hallset på si hytte med panoramautsikt

Det sit langt inne å seie, men både veret og naturen var storslagen og vanskeleg å tevle med. Sti og etter kvart traktorveg førde oss trygt nedatt til øra. Den er fin, den og!

Powered by Labrador CMS