Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Alle 25 stortrivst i lag på fjelltur.
Alle 25 stortrivst i lag på fjelltur.

Tur til Steinløa

I dag gjekk Fjellgruppa til Steinløa attom Svarrafjellet (sett frå Surnadal!). Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god. Etter litt finrekning fann vi ut at 25 stilte opp, og alle kom fram til løa i fin stil. Ein svert idyllisk plass.

Rolf Gudmund fortalde om historia til løa,og om markaslått i eldre tider. Slipsteinen står att og vitnar om at einkvan fyrauende har gjort ein skajobb eingong. Stor stas at slike gamle løer blir sette i stand - kulturminner av første rang.

Vi delte oss deretter slik at 15 fortsette over Svarrafjellet og ned att Knykstigen. Dei 5 mest kaffetørste gjekk nedom Ranessetra og koka kaffe og fekk seg ei triveleg stund rundt utepeisen.

No er det sumarferie heilt til 1.8., da skal vi til Liagarden!

Powered by Labrador CMS