Mange sommerkledde turgåere sitter eller står på en haug foran et gammelt seterhus.
30 spreke pensjonistar framom Oppistusetra Solem.

Fjellgruppas tur til Solemsetra

Publisert

Tysdag 14. mai gjekk fjellgruppa sin tur til Solemsetra. Vi køyrde til Bæverfjorden, tok av mot Flessa og parkerte ved Oppistua Solem. Så bars det oppover ein riktig bratt skogsveg heilt opp til Oppistusetra Solem, der vi fekk den openbaringa, med det vide utsynet over fjordar, øyer, nes og fjell! Vergudane var og med oss, så med 25 plussgradar, sol og blikkstilt vart det ein lang, god kvil med kaffi, niste og triveleg sosialt lag for oss 30 spreke pensjonistar! Seterskjelet skal vere blant dei eldste og best bevarte i Surnadal.

En gammel gård ved en fjord.
Oppistua Solem der vi parkerte.
Kyr på beite.
Triveleg å sjå mjølkekyr ute på beite.
Ei gruppe turgåere som går oppover en sti.
Opp bratt og lang skogsveg heilt til Solemsetra.
Et gammelt seterhus.
Oppistusetra Solem høgt og fritt over Hamnesfjorden.

Setra ligg ekstra fint til her, høgt og fritt over Hamnesfjorden, med utsikt over fleire fjordar og øygarden utanfor. Oppistusetra Solem hadde siste setring i 1944, og Nestusetra Solem som ligg like ved, hadde siste seterdrift i 1942. 

Ei gruppe turgåere som har stoppa og tatt en hvil på en rasteplass med utsikt over fjord og fjell.
Ser over H.amnesfjorden til Hamnes og Kjergroneset
Ei gruppe turgåere som har stoppa og tatt en hvil på en rasteplass med utsikt over fjord og fjell.
Ser heilt mot Stangvikfjorden Breifjorden og Trongfjorden
Ei gruppe turgåere som har stoppa og tatt en hvil på en rasteplass med utsikt over fjord og fjell.
Ser over Hamnesfjorden til Kjergroneset Vargøya Surnadalsfjorden og Torvik.
To turgåere som har stoppa og tatt en hvil på en rasteplass med utsikt over fjord og fjell.
Ideell plass for kaffi og filosofering.

Tankane går til seterlivet i gamle dagar. Vil tru at det var godt å vere seterbudeie her. Mellom fjøsstella vart det vel og litt tid til å nyte utsikta, og kanskje seterbudeiene fekk tid til å besøkje kvarandre.

Ei dame som står ved døra til et gammelt seterhus.
Ein skulle vore seterbudeie her, ja.

Vi tok ein annan veg, ein merka tursti nedatt. Eit klokt val, for slik fekk vi fin utsikt på heile nedturen til Litlvika. Deretter vart det ei fin spasetrur på bilvegen langs stranda tilbake til bilane våre ved Oppistua Solem.

Ei gruppe turgåere som går nedover en sti. Fjord og fjell i bakgrunnen.
Ned til Litlvika med fin utsikt heile turen.
Ei gruppe turgåere som går nedover en skogsvei.
Nede ved bilveg og fjorden.
Ei dame og en mann som går  på en grusvei ved fjorden.
Langs stranda tilbake til Solem gard.

 

Powered by Labrador CMS