Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Ved Storsetra.
Ved Storsetra.

Finverstur til Storsetra

Publisert Sist oppdatert

Vi var litt spent på oppmøtet 18. mai, men pensjonistane våre har nok vore ute ein slik dag før. Godt oppmøte , godt humør og god fart opp vegen, og etter kvart sti, oppover mot målet som i dag var Storsetra ovafor Stangvika.

Vergudane gjorde sitt beste for å få til god stemning - det vart mesta varmt nok til oss som hadde på ullskjorta. Spegelblank fjord, grøne lier og kvite toppar, det var så vi kunne songe "Fagert er landet", hadde vi hatt pust att. Rasten på trammen i solveggen framfor setra vart av dei lange, men og av dei beste.

Start Bondhuset i Stangvika.
Start Bondhuset i Stangvika.
I lett motbakke.
I lett motbakke.
Flott utsikt mot Neslandet.
Flott utsikt mot Neslandet.
Glad hund på tur.
Glad hund på tur.
Vakre Stangvika.
Vakre Stangvika.
Mange fine trebuarar langs stien.
Mange fine trebuarar langs stien.
26 spreke pensjonistar ved Storsetra
26 spreke pensjonistar ved Storsetra
Triveleg besøk på Storsetra Nedafor ligg Skaråkersetra.
Triveleg besøk på Storsetra Nedafor ligg Skaråkersetra.
Ned att på bratt og fin sti.
Ned att på bratt og fin sti.
Snart nede att ved Stangvikfjorden.
Snart nede att ved Stangvikfjorden.
Tilbake til utgangspunktet Bondhuset.
Tilbake til utgangspunktet Bondhuset.
Det blomstrar i Stangvika.
Det blomstrar i Stangvika.
Powered by Labrador CMS