I form til siste etappe mot toppenFoto: Anne Vognild Einum
Fjellgruppa på tur til Bollknubben
Kristian RanesKristianRanesKristian RanesTEKST, INNSENDT
Anne Vognild EinumAnne VognildEinumAnne Vognild EinumFOTO, INNSENDT
Publisert
Bollknubben var dagens mål for
Fjellgruppa, og da talar vi om den oppom Nordvik. Heile 29 kvinner og menn og
ein hund var møtt opp og gjekk i samla følgje i godveret. Heldigvis trekte
verstyraren lette skyar framom spissaste sola - vi held varmen godt likevel
oppover etter kvart som det vart brattare og brattare.
Heldigvis hadde vi
stødige leiarar i Ingrid og Jan, - det er godt å ha med kjentfolk i ukjent
lende. Alle kom opp, og rasten på toppen var god og vel fortent, tykte vi. Og
alle kom vel ned att, så no er det berre å samle krefter til neste tirsdag - da
skal vi til Steinløa!
Den prima fjellførar Kristian.Foto: Anne Vognild Einum
Spreke pensjonistar mot målet Bollknubben.Foto: Anne Vognild Einum
Vidt utsyn ved første kvil.Foto: Anne Vognild Einum
Nordviksula ruvar bak oss.Foto: Anne Vognild Einum
Første matpause ved koseleg hytte.Foto: Anne Vognild Einum
I form til siste etappe mot toppenFoto: Anne Vognild Einum
Pust i bakken i den bratte stigninga mot toppen.Foto: Anne Vognild Einum
Fantastisk utsyn rundt om frå toppen.Foto: Anne Vognild Einum
Flott utsikt til Blånebba og Trollhøtta i aust.Foto: Anne Vognild Einum
Alle 29 kom seg til Bollknubbens topp 873 moh.Foto: Anne Vognild Einum
Lett nedtur i vakker natur.Foto: Anne Vognild Einum
Nede ved parkeringa etter ypperleg tur og turver. Foto: Anne Vognild Einum