På Knyktoppen nyt vi niste og utsyn over Trollheimen.Foto: Anne Vognild Einum
Det må vera noko med fjellufta!
Kristian RanesKristianRanesKristian RanesINNSENDT TEKST
Anne Vognild EinumAnne VognildEinumAnne Vognild EinumINNSENDTE FOTO
Publisert
Da vi starta på dagens tur var vi 29, men på Knyktoppen hadde vi vorte 31! Ikkje verst for ein såpass godt tilårskommen gjeng. Vergudane er i godlag for tida - dei freistar kanskje å gjera godt att etter ein survoren sumar. Du kan seie kva du vil, men fjellet er gauast i finver. Mesta oppe møtte vi gammelordføraren på tur ned, Ho måtte ha starta i otta.
Rasten på toppen vart lang, - det var ein vel fortent premie å sitte og fintalast og nyte synet av fjella innover. Vel nede var vi samde om at den gamle skulestilendinga passa: Det var ein fin tur!
Opp mot Svarrafjellet og Honnstadknyken.Foto: Anne Vognild Einum
Oppe på Svarrafjellet.Foto: Anne Vognild Einum
Lenger til Knyktoppen enn det ser ut for.Foto: Anne Vognild Einum
Vakker og vid utsikt i 360 grader frå toppen.Foto: Anne Vognild Einum
Ved varden på Knyken 1071 moh.Foto: Anne Vognild Einum
Foto: Anne Vognild Einum
Start på nedturen frå Knyken.Foto: Anne Vognild Einum
Med godt humør og god form går heimturen lett.Foto: Anne Vognild Einum
Stolt etter Knykentur Varden på Svarrafjellet 780 moh.Foto: Anne Vognild Einum
Eventyrleg vakker skue mot Stangvikfjorden.Foto: Anne Vognild Einum
Vi takkar for vakker haustdag i fjellet.Foto: Anne Vognild Einum