Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag:

Alle 18 pensjonistar og hund i toppform ved toppvarden.

Brokkelnebba lever opp til namnet

18 glade Fjellgruppegangarar stilte for å kliva opp på denne nebba mellom Kvenndalen og Søyådalen.

Publisert Sist oppdatert

For førstegangsklatrarane var det både brattare og lengre enn vi hadde tenkt, men det var eit imponerande landskap med utsikt til alle leier.

Da vi rasta på toppen kom ein sur regneling, men galgenhumoren slo til i eit samstemt utrop om at dette var da riktig så triveleg.

Bladvottane og regnhetta kom på, men så skein det opp att, og da vart landskapet vakkert og spennande. Så enno ein gong kan vi avslutte med at "Det var ein fin tur!"

Neste tirsdag står Bollen i Vindøldalen for tur!

Oppover lia i Kvenndalen.
Variert vêr.
Matpause i ly under Brokkelnebba.
Den spesielle Brokkelnebba.
Historier frå Kvenndalen.
Toppen i syne.
Alle 18 pensjonistar og hund i toppform ved toppvarden.
Eit fint krypinn.
Mykje stein som har flytta seg her.
Her ønsket Hans Hyldbakk seg ei hytte
Ned mot Indre Skarfjellvatnet
Eigarane av hytte med sjel under Skarfjellet
Straks nede i Kvenndalen
Powered by Labrador CMS