SUBUS Medier og kommunikasjon:

Elevar i 7C viser fram reiseruta på skjermen og skjema dei brukar til å notere lesetid.

Jorda rundt på tre veker

Her kjem ein ny artikkel frå 9. klasse-elevar på SUBUS:

Barnetrinnet har leseveke, og vi har tatt ein tur innom dei for å spørje nokre av elevane om korleis det er å ha leseveke. Elevane fortel at det er kjekt med noko anna enn vanlege timar.

Å setje av veka før vinterferien til ekstra fokus på bøker og lesing er ein tradisjon frå gamle Øye skule. Trinna vel seg ulike tema, for eksempel ein spesiell forfattar eller sjanger. Nokre klassar besøker biblioteket på Skei eller ser filmar som er basert på bøker, og elevane høyrer lydbøker og les sjølv.

På 3.trinn er temaet i leseveka Roald Dahl. Dei lagar veggavis om forfattaren, høyrer på lydboka heksene, og skal sjå filmen på fredag i auditoriet. I tillegg har dei vore på biblioteket. Lærar Elisabeth fortel at dei har vorte meir kjent med livet til Roald Dahl i engelsktimane, og funne ut at mange av bøkene er basert på barndommen hans.

3C kosar seg med lydbok av Roald Dahl.

Mange av elevane i 3C synes det er morosamt med leseveke, og at det er koseleg å få ha med kosebamse på skulen.

På 7.trinn er temaet «jorda rundt». Dei har laga ei reiserute på 60,000 kilometer.

– Kvart minutt elevane les, svarar til éin kilometer, fortel lærar Endre Talgø. Elevane noterer lesetida si i eigne skjema, og heile trinnet samarbeider om reiseruta. Dei har forlenga leseveka til tre veker i staden for ei, slik at dei har god tid på «reisa». I byane dei besøker undervegs gjer dei forskjellige oppdrag. No er dei komme til Paris og skal lage ein presentasjon om byen.

– Det er veldig morosamt med leseveke fordi det er spennande å lese, seier ein av elevane i 7C.

Powered by Labrador CMS