Storslått opning av Eiksenteret i Surnadal
Det var fullt hus på den storslåtte opninga av det nye Eiksenteret Surnadal i Røtet fredag. Anlegget har kosta bortimot femti millionar, og er eitt av elleve Eiksenter som utgjer Eiksentra i Mid-Norge.
Jon Magne Sæter og Øyvind Wekre eig femti prosent kvar i Eiksentra i Midt-Norge, og det er Jon Magne Sæter som er dagleg leiar i selskapet. Hovudkontoret ligg på Heimdal i Trondheim, og dei elleve avdelingane har totalt rundt 120 tilsette.
Lokal entreprenør har bygd bygget
Det nye bygget, som er bygd av Setra Drift, er på 1600 kvadratmeter og inneheld stor og lys butikk, moderne kontor og ein stor og moderne verkstad, vart offisielt opna fredag med snorklipping av ordførar Hugo Pedersen.
Pedersen understreka i helsinga si før snorklippinga at landbruket er ei stor og viktig næring i Surnadal, og at Eiksenteret med sine 25 tilsette er ein stor og viktig arbeidsplass i kommunen.
Prosjektet vart mykje større enn planlagt
Det var for litt over to år sidan, da Øyvind Wekre var på besøk og fekk sjå verkstaden, at det vart bestemt at det måtte byggast ny verkstad. Dette for å kunne sørve kundane på beste måte, men ikkje minst for å gje dei tilsette ein enklare kvardag i meir egna og moderne lokalar.
Den nye verkstaden har allereie vore i drift eit års tid. Det var i utgangspunktet meininga å renovere den gamle butikken og kontora, men da dei fekk sjå tilstanden på bygningane, vart det bestemt å bygge nytt i staden for å renovere, kunne Sæter fortelje.
– Dette har gjort til at det nye anlegget har blitt større enn planlagt, men framfor alt har vi fått eit anlegg som er rusta for framtida, la han til.
Han fortalte også at den eine av dei to tidlegare eigarane, Nils Moen, vart så glad da han fekk høyre at dei vil bygge nytt at han gav bort ein del av kunstsamlinga si, slik at den no heng i dei nye kontorlokala i nybygget.
– Jeg ønsker å takke alle samarbeidspartnere og ansatte for et flott nytt og framtidsrettet bygg, avslutta Jon Magne Sæter.
Også administrerande direktør i Eikmaskin, Trond Kjempekjenn, rosa dei tilsette:
– Vi er stolt av å være på lag med Eiksenteret, og jeg ønsker å gi de ansatte en stor takk og applaus for den jobben de har gjort fram mot åpingen her i dag, sa Kjempekjenn.
Mange leverandørar var representert under opninga
Fleire leverandørar hadde rigga seg til med standar under opninga fredag, der dei viste fram utstyr som Eiksentra sel. Det var også nokre gode opningstilbod ein kunne nytte om ein var interessert.
Ole Jørgen Baarlid frå Eikmaskin var der som importør og leverandør av traktorar og mykje anna landbruksreiskap til Eiksentra rundt om i landet.
Ein annan var Ketil Høsta frå Nøsted og Igland, som mellom anna leverer vinsjar og anna utstyr til skogbruket.
Etter snorklippinga vart det servert kaffe kaker og rømmeraut. Eiksenteret Surnadal har fått eit skikkeleg fint og moderne anlegg i Røtet, så det er berre å gratulere Sæter, Wekre og dei andre tilsette.