ANNONSE:

Møte på Eidet bedehus

Alle er velkomne til møte på Eidet bedehus 31. aug. – 2. sept.

Regionsarbeidar i Misjonssambandet, Lars Petter Ødegård, blir med på alle tre samlingane. Han har tidlegare delteke nokre år i NLMs arbeid i Mongolia, men dei siste åra har han vore leiar i Misjonssalen i Kristiansund.

Onsdag og torsdag kveld blir det møte med tale og misjonsinformasjon.

Fredag kveld får programmet eit meir ungdommeleg preg (men ope for alle). Det blir musikk, andakt, intervju, quiz mm.. Servering etter møtet.

Samlingane startar kl. 19.00 kvar kveld. Misjonssambandet ønskjer vel møtt!

Powered by Labrador CMS