ANNONSE:

Julemesse på Eidet bedehus

No er endeleg dagen komen, og laurdag 19.november er alle velkomne tilein triveleg ettermiddag på Eidet bedehus. Her opnar vi kl. 13.00, og utover dagen blir det fullt program med basarbord, sal av mange slag – småkaker, kjeks, godteri, gjærbakst, handarbeid mm. Kjøkenet serverer rømmegraut, pølse med brød, kaffe og kaker.

Mange, spesielt dei yngste, gler seg til åresal, der mange har sjanse til å vinne .

Familiemøtet startar kl. 16.00; der vil Lars Petter Ødegård ha andakt og Gunhild Marie Settem synge. Så følgjer den store kakeutloddinga, og trekking av gevinstane på basarbordet etter det igjen.

Ta dykk ein tur til bedehuset denne laurdagen, og få gjerne fleire med. Vel møtt!

Powered by Labrador CMS