Kulturvøkku 2023

Katter er som kvinnfolk

Kunstnarane på Dalalåven har ein ting felles sjølv om dei er frå to verdensdelar, dei er glade i katter! Kulturvøkku-utstillinga på Dalalåven inneheld 139 bilde i ulike format, og det var katter på mange av dei.

Publisert
Ronald West og Inga Dalsegg
Ronald West og Inga Dalsegg ønsker velkommen til ei stor og variert utstilling
Raud plakat til Dalalåven pynta med raude kvitprikka ballongar
Fargerik velkomst til Dalalåven
Inga sin sykkel, blomsterpynta og raud løpar til Dalalåven Atelier
Velkommen til opning!
Kunstnaren framfor eit av bilda sine
Ronald med smykket og slipset
Ronald West med norrønt inspirert smykke som han fekk av Inga, - og med slips designet av Inga.

Gjesteutstillar hos Inga Dalsegg på Dalalåven under Kulturvøkku 2023 er Ronald West, og han kjem heilt frå Sør-Afrika. Han har med seg over 100 bilde!

Ronald og Inga
Ronald West vart ønska velkommen av Inga Dalsegg

Under opninga retta Ronald West ein stor takk til Rindal Sparebank som hadde gjort det muleg for Inga Dalsegg å invitere han til Rindal med kunsten sin.

mykje folk på Dalalåven
Mykje folk på Dalalåven Atelier unde opninga
To bilde, to kunstnarar, lystig lag!

Inga Dalsegg var på si side glad for å ha fått han hit. Ho fortalde at dei begge, i tillegg til kunstmaling, var glade i katter. Katter gjekk igjen på svært mange av bilda til Ronald West.

- Cats and women have one thing in common, they come - and go, sa West. Vi merker også at det er kvinner på dei aller fleste bilda.

Par i båt får servering frå annan båt
Romantisk båttur. Som fleire av bilda, så er også dette italiensk inspirert. Ser du katta?
To rindalingar snakkar med West
Fleire slo av ein prat med kunstnaren om bilda hans.
Viser fram bildet ho hadde kjøpt, dame på sykkel med tilhengar - og katt
Ann Kristin Tørset var fornøgd med bildet ho sikra seg

Det er første gong Ronald West stiller ut i utlandet.

To bilde
1. dame held sola og månen i kvar si hand.
2. dame kikar ut vinduet med å dra gardina litt til sides
Mundilfare, sol og måne, og Beyond the veil (Bak sløret) er titlane på desse to oljemaleria på lerret. Desse var for seriøse til at katta fekk vere med, sa kunstnaren.

Ronald West likte veldig godt det han hadde sett av Rindal og Norge så langt. Ja, han kunne godt tenke å busette seg her, men var litt usikker på vinteren. Vi trøsta han med at vi hadde varme klede og gode hus og viste til tømmeret i veggen på Dalalåven.

Finpussing av eit maleri som stod på staffeliet
Finpussing av eit maleri som stod på staffeliet

Han var bekymra for utviklinga i heimlandet sitt både politisk og økonomisk. Forholda i Cape Town var ikkje så bra. Han trudde kriminalitet og korrupsjon var ti-dobla på dei over tjue åra som er gått sidan skribenten besøkte byen.

Eit maleri han ikkje var ferdig med
Dei besøkande fekk sjå kunstnaren i arbeid
Powered by Labrador CMS