Bokmelding

Du mitt Nordmøre 2020

Det årlege tidsskriftet «Du mitt Nordmøre» som Nordmøre Mållag har gjeve ut sidan 1966 deler nytt og gamalt, dikt og prosa med lesarane også i år. Det fyldige heftet har stoff frå alle kantar av Nordmøre, og fleire av artiklane er frå bygdene våre.

Publisert Sist oppdatert

Vaksinering

Artikkelen til Oddvar Moen om Koppevaksinering frå 1800-talet har klar relasjon til utviklinga i dette spesielle året med koronapandemien. Der kan vi lese at vegring mot vaksine ikkje er noko nytt.

Fredsvåren

Fredsvåren 1945 blir markert med to artiklar av Bernt G. Bøe og Ole Eimund Øverland. Ryktet om fred spreidde seg i maidagane, og vi får lese om kjenslene hos dei som fekk sjå at flagget vart heisa. Da skjøna dei at tyskarane hadde kapitulert.

Atlanterhavsvegen

Johannes J. Vaag tek oss med tilbake til historia om Atlanterhavsvegen. Han var ordførar i Eide 1976-80 og var med på mykje av førebuingsarbeidet til dette veganlegget som vart ein av dei store turistmagnetane på Nordvestlandet. Den vart opna i 1989.

Jørgen Gravvold

Styrkår Brørs gjev oss ein fyldig biografisk minneartikkel om Jørgen Gravvold med mange døme på dikt og viser som Gravvold har skrive.

Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge besøkte Rindal og Surnadal fleire gonger på reisene sine rundt i Norge for over 200 år sidan. Lars Inge Magerøy, pensjonert prest som er oppvaksen på Ålvundeid, skriv ein artikkel om denne omreisande predikanten, som i tillegg til å preike, også dreiv med næringsutvikling.

Korona

For å vise at Du mitt Nordmøre er tidsaktuelt, må vi nemne at vi kan lese to attenåringar si oppleving av koronaåret 2020.

Heftet, eller boka, er på over 200 sider. Dette er berre smakebitar av det du kan hygge deg med i vintervekene!

God lesnad!

Powered by Labrador CMS