Bokmelding

Rindal i siste året, og i tidlegare år

Årsskriftet som Rindal Heimbygdlag gjev ut kvart år er også i år fylt med mykje god lokalhistorie. Det tek seg langt ifrå berre siste året! Årskavalkaden innleiingsvis er berre 20 sider av det 95 sider fyldige heftet.

Publisert

Hovudartikkelen i dette årsskriftet er nok Edgar Kattems rikt illustrerte artikkel med minner frå Landsem Skifabrikk. Det er ei personleg historie frå dei åra han hadde skifabrikken som arbeidsplass, eit interessant tidsbilde basert på dagboknotatar og godt minne! For dei som kjenner dei personane som blir omtala, blir dei humoristiske anekdotane ekstra gode.

Grønlifeltet er ei nybyggargrend ved Grønlivatnet. Busettinga der tok til først i 1930-åra. Det var hardt arbeid å starte opp som bureisar. Det vart bygd opp 15 bruk i grenda og straks før krigen budde det 60 personar i Grønlifeltet. Denne artikkelen er også rikt illustrert med gamle bilde.

Rørande er det også å lese siste helsinga frå den over 90 år gamle fjellvandraren Reidar Halgunset og om fjellturen hans som 84-åring. Han døde før jul i fjor.

Største kuriositeten i år er forteljinga om Hollywoodstjerna Jeanette Loff som var av rindalsslekt!

Dette og meire til kan du lese om i Rindal Heimbygdlags Årsskrift 2020!

Årsskriftet for Rindal heimbygdlag 2020 er no å få kjøpt på Extra Rindal, Coop Marked på Nybø, Bunnpris på Sunna og på Ark bokhandel i Surnadal.

Powered by Labrador CMS