Annonse
ANNONSE:
Maritim krigshistorie på museet
Jon Storløkken er søndagens kåsør på museet i Bøfjorden. Hans tema er trafikken over Nordsjøen til Skottland og Shetland under krigen.
- Shetlandsgjengen har vore mykje omtala, seier Jon. Han kjem inn på surnadalskjenningen J. Ch. Musters si rolle og trekkjer fram kjende skuter som deltok i denne motstandsrørsla.
- Mindre kjend og påakta innsats er etterretningsverksemda knytt til basen Peterhead i Skottland. Også her var fiskeskøyter i bruk - under vanskelege forhold og med høg risiko, fortel kåsøren.
Bilete av skuter og sentrale personar blir å sjå under programmet.
Kjøkenet byr på kaffe. Ein får kjøpe lodd og kulturprodukt til støtte for arbeidet i Bøfjorden Historielag. Vanlege smitteverntiltak gjeld på museet.