En mann som står ved siden av en modell av en fiskerbåt og ei seglskute.
Jon Storløkken tek publikum med til fjerne farvatn.

Sjøhistorier på museet

Publisert

Programmet «Frå livet ombord» tek gjestane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum med til sjøs denne søndagen.

Det blir først gjensyn med flotte skuter og gjenhør med artige og dramatiske hendingar frå skuter og skip langs kysten og heimleg farvatn.

I ei eiga avdeling kåserer utanrikssjømann og ferjemaskinist Jon Storløkken og viser levande bilete frå fjerne verdenshav.

Nettopp sjøfarten er eit viktig kulturområde som Bøfjorden Historielag ønskjer å halde levande gjennom si rike samling av bilete og historisk materiale.

Gammel bilde av et skip som er i ferd med å synke nær land.
Dramatisk da «Statsraad Riddervold» forliste ved Skrøvsetholmen i 1944.
Gammelt bilde av ei lita frakteskute.
«Boy» var av dei frakteskutene som sørga for støypesand til gjenoppbygginga av eit krigsbomba Kristiansund.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS