Bøfjorden Sjøbruksmuseum:
Sesongstart søndag
Bøfjorden Historielag lovar ein frodig sesong på museet i sommar. Med start komande søndag går det slag i slag til «balldagen» 13. september.
- Mange kåsørar har meldt seg med «Dagens Tema» desse sommarsøndagane, seier styret, som no opnar sin 32. sesong. - Først feirar vi jubileet for Åsskard kyrkje, med innblikk i dagens mange aktiviteter og tilbakeblikk på hendingar og eit fascinerande persongalleri gjennom i 150 år.
Skuteliv, språkperler og dramatikk
Søndagane deretter byr i tur og orden på nordmørsk veghistorie, skuteliv og varierte språkperler - før Bøfjordhelga munnar ut i Mannbjønn-dramaet (250 år) med 100-årsmarkering av Bjønnastøtta søndag 19. juli. Kåsørar så langt er Terje Holm, Odd Ragnar Bekken og Bernt Bøe.
Industri, snurpefiske og apotekhistorie
Vidare kan publikum oppleva industrieventyret Aura (med far og sønn Øiestad), snurpefiske og modellskuter ved Magne Otterlei og Charles Langø, imponerande skikultur (familien Røen) og fersk bok frå Rindal Skimuseum før lansering av folkemusikksamlinga etter Kristian Halse ved Rannveig Eikrem - med tonefølgje. Dette i regi av Stangvikfestivalen.
Apotekhistoria frå Surnadal (Kristen Halle), mykje biletstoff frå lagets arkiv, ein livleg hobbydag for og med skapande aktørar står også på programmet før sesongen 2026 rundast av med tradisjonell sildballdag 13. september.
Unesco – og kaffekos
Dertil har laget inngått avtale med grunneigar om plassering av sine historiske klinkabåtar (sjekk Unescos liste over verdensarven!) på Skrøvsetskjeret nedafor museet. Også her er det samla mykje sjøkultur.
Interessa for gode tema kombinert med den sosiale atmosfæren på Bøfjorden Sjøbruksmuseum er motivasjon for hyppige besøk i vekene som kjem, trur styret som no legg fram sommarprogrammet.