Sild og sjø:
Forankra historie
Kyndige averøyingar leia av Magne Otterlei skapte gjensyn med sildefiskets glanstid da dei gjesta museet i Bøfjorden søndag.
Godt foredrag supplert med biletserie og flotte fartymodellar forankra så å seie ein viktig del av historia vår. Boka «Havet på godt og vondt» hadde både tittel og innhald som prega programmet.
Otterlei-familien
Namnet Otterlei har god klang i lokal sjøkultur. Få familiar har sysselsett fleire fiskarar og skaffa meir av havets næring. Med pågangsmot og optimisme utvikla dei sildefisket.
Men ikkje utan offer. Magne skildra i gripande ordelag korleis faren Ole mista sin bror Edevardt ein stormdag i 1939.
«Veslegut», «Møre» og «Anna O»
Tre av familiens snurpebåtar fekk særleg omtale. Mange i salen nikka gjenkjennande til «Veslegut» (frå 1946), «Møre» (1955) og «Anna O» (1964). Ja - fleire frammøtte hadde fartstid ombord. Ei liste viste bortimot 30 bøfjordingar som mannskap.
Gunnar var som ei mor
Kåseriet gav også fine skildringar av godt sjømannskap og personleg omsorg. - Kokken Gunnar Settem var som ei mor for fiskarane, sa Magne. – Ein gong praia han hurtigruta ved Bessaker og følgde sjøl ein ung fiskar til blindtarmoperasjon på sjukehuset i Trondheim!
Modellar
Tre fine skutemodellar pryda eine kråa på museet: Kåre Flataukans «Anna O» i stort format, Magne Otterleis eigen «Veslegut» og «Skomvær II» - som Charles Leite har fullført etter at onkelen påbegynte den i si tid.
«Skomvær II» og Erik Bye
Charles fortalte historia bak «Skomvær II» - finansiert ved NRK-aksjonen som Erik Bye starta med programmet «Vi går ombord» julaftan 1960. Året etter var skuta ferdig, og fleire hugsa «promenaden» på hamna i Kristiansund like etter stabelavløpet.
– Redningsskøytene var som ein nødvendig del av sildeflåten, kommenterte Magne Otterlei og framheva dei mange foreiningane som skaffa midlar til selskapet NSSR. Charles Leite føyde til at berre «Skomvær II» på nokre tiår (først i norsk og deretter i svensk eige) berga rundt 200 menneskeliv og mange farty.
Sølvsilda
Eit sjarmerande innslag galdt Sølvsilda - som «Veslegut» vann i 1960. Dette var årleg premie til beste storsildsnurpar. Rederiet fekk ei «sild» i sølv, og kvar av mannskapet eit sølvfat. Med nesten 11.000 hektoliter storsild toppa «Veslegut» lista den vinteren.
Skipsratt i gåve
Som overraskande avslutning på den maritime temadagen fekk sjøbruksmuseet overrekt eit historisk skipsratt etter eit ukjent forlis utafor Kristiansund.
I det heile tatt ein gjevande dag på sjøbruksmuseet.