Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag:

Alle 21 kom seg til topps.
Alle 21 kom seg til topps.

Tur til Bølia

Publisert

Vi, 21 pensjonistar, i Fjellgruppa fekk ein kjempefin tur til Bølia fredag 9. juni. Det er 3,5 km til toppvarden, 703 moh. Vergudane var og med oss, så vi fekk sommartemperatur og det fine utsynet i alle retningar!

Vi starta på ein bratt skogsveg frå Orahaugen ved Bøkleppen, som etter kvart gjekk over i ein bratt men god sti. Det gjorde godt med ein matpause på den gamle steterstølen der Øvre Bøsetra har stått.Lettare vart det då vi kom over skoggrensa og landskapet opna seg med vidt utsyn over fjordar,øyer og fjell.

Då vi endeleg nådde toppen, sat vår gode ven Svein Årnes ved toppvarden. Han hadde gått opp frå Flessen. Nokre av oss meiner at denne fjelltoppen hadde fortjent eit litt meir talande namn enn Bølia, for dette bratte fjellet føles ikkje akkurat som ei li..... men flott turmål er det uansett!

Neste turmål er Skarven, 649 moh. Vi startar med å gå frå Seterbøen i Bøverdalen. Vil du vere med, så møt opp på parkeringsplassen nedafor Øye Kyrkje, tysdag 13, juni kl.10.00. Vel møtt til ein triveleg og sosial tur!

Bratt skogsveg frå Bøkleppen
Bratt skogsveg frå Bøkleppen
Matpause på gammal seterstøl
Matpause på gammal seterstøl
Endeleg over skoggrensa
Endeleg over skoggrensa
Ser Skålvika og Skålvikfjorden
Ser Skålvika og Skålvikfjorden
Svein Årnes ved Toppvarden
Svein Årnes ved Toppvarden
Vidt utsyn til fjord og fjell frå Bølias topp
Vidt utsyn til fjord og fjell frå Bølias topp
Også fin utsikt til Trollheimen og fjella i aust
Også fin utsikt til Trollheimen og fjella i aust
Fint å få gå på snøfonn
Fint å få gå på snøfonn
Saksa og Skreåfjellet ruvar bak Bøfjorden
Saksa og Skreåfjellet ruvar bak Bøfjorden
Nedturen med flott utsikt gjekk lett for Fjellgruppa
Nedturen med flott utsikt gjekk lett for Fjellgruppa
Ned Merraskaret
Ned Merraskaret
Ein blir liten ved slik kjempefuru
Ein blir liten ved slik kjempefuru
Powered by Labrador CMS