I ny podcast fra NRK:

Bernt G. Bøe med heftet Gamle Nordmør 2020, ved Bjønnastøtta i Haugaskaret.

Mysterier fra Norge: Mannbjørnen i Bøfjorden

Publisert Sist oppdatert

I april 2020 skreiv Trollheimsporten fleire gonger om historia om Mannbjørnen i Bøfjorden, på grunnlag av ein omfattende artikkel hos NRK. Der beskriv journalist Eirik Haukenes korleis han leitar etter svar på om den mykje omtala Mannbjørnen verkeleg fans i Bøfjorden på 1700-talet, eller om historia er oppdikta. Haukenes har sjølv vokse opp med historia om Mannbjønnen, og hadde mareritt om uhyret i barndommen. Han vil vite kva som er sanninga om ein av dei verste bjørnane i Noregshistoria.

I dagens episode av Podcast-serien "Mysterier fra Norge" frå NRK får vi høre kva som skjedde vidare i leitinga etter at NRK-artikkelen vart publisert, og kva som til slutt vart konklusjonen og svaret på spørsmålet om Mannbjørnen verkeleg fanst.

Podcasten "Mannbjørnen" kan du høre på NRK Radio sine nettsider. (30 min)

I Podcasten medverkar og Bernt G. Bøe frå Bøfjorden, som har vore fascinert av historia om Mannbjønnen sidan han fekk ho fortalt av bestefar sin som liten gut. Han har jobba mykje med å finne historisk dokumentasjon som støttar forteljinga, og ikkje minst med å formidle historia vidare.

Tidlegare artiklar om Mannbjørnen på Trollheimsporten:

Mannbjønnen og Dragsetvisa (april 2020)
Bauta og bjønn (april 2020)
Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen (april 2020)
Historietime med noko attåt (juni 2021)

Powered by Labrador CMS